Seychellane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Repiblik Sesel
Republic of Seychelles
République des Seychelles

(norsk: Seychellane, seychellisk)

Det seychelliske flagget Det seychelliske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Koste Seselwa»
Motto Latin: Finis Coronat Opus

(Enden kronar arbeidet)

Geografisk plassering av Seychellane
Offisielle språk Kreolsk, engelsk og fransk
Hovudstad Victoria
Styresett
Republikk
James Michel
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
455 km² (183.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
93 920 (187.)
206,4 /km² (45.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Storbritannia
29. juni 1976
Nasjonaldag 18. juni
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
2 553 mill. USD (176.)
28 000 USD (47.)
Valuta Seychellisk rupi
Tidssone UTC +4
Telefonkode +248
Toppnivådomene .sc


Seychellane er ein øystat som ligg aust for det afrikanske fastlandet i Indiahavet, nordaust for Madagaskar. Landet inneheld 115 øyar, den største og folkerikaste av dei er Mahé. Med eit folketal på om lag 80 000 er Seychellane den minst folkerike av dei sjølvstendige statane i Afrika.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Seychellane ligg 1 600 km aust for Afrika og 300 km nordaust for Madagaskar. Mauritius og Réunion ligg sør for øyane, Komorane og Mayotte sørvest, og Maldivane nordaust.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Seychellane har tropisk klima, og den årlege nedbørsmengda varierer med høgda. Nedbøren er litt større på sørsida av øyane, som er utsett for den dominerande søraustlege passatvinden. Det regnar godt året rundt, men dei våtaste månadane er frå november til mars. I juni-november litt kjøligare på grunn av søraustpassaten. Port Victoria har ein årleg nedbørsnormal på 2351 mm. Seychellane vert sjeldan råka av tropiske syklonar. Kombinasjonen av høge temperaturar og høg relativ fukt vert utjamna av sjøbrisen, men nettene kan vere nokså klamme.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den isolerte øygruppa var folketom då ho første gongen blei nedteikna på kart av portugisiske oppdagarar, i 1505. Ho blei noko brukt som landestad for sjøfart mellom Afrika og Asia, mellom anna av sjørøvarar, fram til Frankrike byrja å ta kontroll over henne frå 1756. Øyane blei då kalde opp etter den franske finansministeren Jean Moreau de Sechelles. Frankrike og Storbritannia stridde lenge om makta over Seychellane, men i 1814 vart øyane britisk koloni.

Etter sjølvstendet frå Storbritannia i 1976 vart eit kommunistisk statskupp gjennomført (i 1977), og France-Albert René, leiar for the Seychelles People's Progressive Front (FPPS) tok makta og einpartidiktatur vart innført.

I 1993 vart demokratiet gjeninnført, men René hadde makta heilt fram til 2004, då den noverande presidenten James Michel tok over.

Kart over Seychellane
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.