Sha'ar Hagai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sha'ar Hagai
stad
Sha'ar Hagai
Land  Israel
Koordinatar 31°49′N 35°2′E / 31.817°N 35.033°E / 31.817; 35.033
Kart
Sha'ar Hagai
31°48′52″N 35°01′30″E / 31.814508°N 35.024865°E / 31.814508; 35.024865
Wikimedia Commons: Shaar HaGai

Sha'ar HaGai (hebraisk שער הגיא eller באב אל-ואד) eller Bab al-Wad (arabisk باب الواد eller باب الوادي),er eit punkt langs Tel Aviv-Jerusalem-vegen, 23 km frå Jerusalem, der vegen byrjar å stige inn i ei kløft, som på arabisk heiter Wadi Ali.

Ein bulldosar tauar ein lastebil på Burmavege til Jerusalem i juni 1948.

Under borgarkrigen i Palestinamandatet 1947-48 og den arabisk-israelske krigen i 1948 var det harde kampar i dette området og den nærliggande politistasjonen ved Latrun mellom arabiske styrkar og jødiske konvoiar på veg for å laga ein blokade kring Jerusalem. Bab al-Wad byta hender fleire gonger i den såkalla arabiske frigjeringskrigen med støtte frå arabarar irregulære styrkar, og jødiske einingar frå Palmach og Haganah, men den 20. april kapra arabarar høgda kring Sha'ar HaGai, og stengde av Tel Aviv-Jerusalem-vegen.[1]

Frå midten av mai 1948 og framover vart fortet i Latrun, berre 2 km vest for Bab al-Wad, halden av den særs effektive og britisk-trente arabiske legionen frå Jordan. Palmach 10. brigade, kommandert av obserstløytant Yitzhak Rabin, den framtidige statsministeren i Israel, klarte å erobre Bab al-Wad på eiga hand, men vegen vest for punktet vart kontrollert frå Latrun, og vart verande under jordansk kontroll fram til 1967, og stengde dermed av hovudfartsåra inn til Jerusalem. For å kome seg rundt denne arabiskkontrollerte flaskehalsen, bygde israelarane den såkalla «Burmavegen», oppkalla etter den kjende vegen inn i Kina under andre verdskrigen. Denne særs bratte omvegen vart nytta under krigen, og erstatta etter berre seks månader av ein lengre, men tryggare veg. Etter seksdagarskrigen, då Latrun-området vart erobra av Israel, vart Tel Aviv–Jerusalem-vegen igjen den kortaste vegen forbi Latrun og Sha'ar HaGai. I dag er vegen her ein firefelts hovudveg som er planlagt utvida på grunn av stadig aukande trafikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bowyer Bell, J (1966). Besieged: Seven Cities Under Siege. Transaction Publishers. s. 216. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sha'ar Hagai