Sha'ar HaGolan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°41′11.4″N 35°36′11.87″E
Sha'ar HaGolan
kibbutz
PikiWiki Israel 18893 Dining hall in Kibbutz Shaar- Hagolan.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Golanhøgdene
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emek HaYarden
Koordinatar 32°41′11.4″N 35°36′11.87″E
Grunnlagd 21. mars 1937
 - Grunnlagd av Tsjekkoslovakiske og polske Hashomer Hatzair-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Shaar HaGolan
Nettstad: www.shaar-hagolan.co.il

Sha'ar HaGolan (hebraisk שַׁעַר הַגּוֹלָן, tyder Porten til Golan) er ein kibbutz ved foten av Golanhøgdene i Jordandalen nordaust i Israel. Han ligg mindre enn 1 km frå grensa til Jordan og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 504.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sha'ar Hagolan 1937
Vakttårn vert reist i Sha'ar Hagolan, 21. august 1937

Sha'ar HaGolan vart grunnlagd den 21. mars 1937 av medlemmar av Hashomer Hatzair ungdomsrørsle frå Tsjekkoslovakia og Polen. Grunnleggjarane møttest og vart organiserte som eit lag i 1930 i Rishon LeZion og vart kalla «Ein Hakore» fram til 1937, då dei oppretta kibbutzen som ei tårn og palisade-busetjing.

Under slaget i Kinarotdalen i den arabisk-israelske krigen i 1948, måtte forsvararane i kibbutzen, i tillegg til dei i nabokibbutzen Masada, trekkje seg attende på grunn av mangel på forsterkingar og ordrar. Kibbutzenim vart erobra og for ei kort stund halde av den syriske hæren. Dei vart då plyndra og sette i brann.[1]

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Yarmouk-kulturen.

Utgravingar ved Sha'ar HaGolan har avdekt ein 8 000 år gammal landsby og ein har funne dei eldste keramikkgrytene som er funne i ISrael. Denne landsbyen frå yngre steinalder var busett av folk som gav opp ein nomadisk livsstil til fordel for permanent busetnad, og markerte ei endring frå jakt- og samling til jordbruk.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. sionist mytologi destroys its children Haaretz, 6. april 2006
  2. Vered, Ronit. «For All Tastes». Haaretz. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]