Shabana Rehman Gaarder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shabana Rehman Gaarder
Shabana Rehman.jpg
Fødd 14. juli 1976
Karachi
Shabana Rehman Gaarder på Commons

Shabana Rehman Gaarder (fødd 14. juli 1976) er ein norsk-pakistansk standupkomikar og avisspaltist. Ho var kjend som Shabana Rehman til ho i 2008 gifta seg med NRK-journalisten Martin Gaarder.[1]

Gaarder vart fødd i Karachi i Pakistan i 1976, og kom til Noreg i 1977. Ho voks opp i Oslo, og hadde ei ungdomstid prega av vald og overgrep. Rehman starta som spaltist i VG i 1996, debuterte som stand-up-komikar i 1999 og begynte som spaltist i Dagbladet i 2000.

I 2000 vart ho kjend då ho let Dagbladet trykkje eit nakenbilete av seg, berre påmåla det norske flagget. Endå meir vart ho lagt merke til i 2004, då ho lyfta mulla Krekar på ei scena under eit debattmøte. I 2009 var ho spaltist i Aftenposten.[2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2002: , artikkelsamling
  • 2004: Mullaløft, artikkelsamling
  • 2009: Blåveis, sjølvbiografi

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]