Shackletonisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Shackleton isbrem)
Shackletonisen
isbrem
Land  Antarktis
Stad Queen Mary Land og Wilkes Land
 - koordinatar 66°00′S 100°00′E / 66.000°S 100.000°E / -66.000; 100.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Shackletonisen
66°S 100°E / 66°S 100°E / -66; 100
Shackletonisen is located in Antarktis
Shackletonisen (Antarktis)

Shackletonisen er ein stor isbrem ved kysten av Aust-Antarktis som strekkjer seg kring 384 km (95E til 105E) langs kysten, og kring 145 km ut i havet i vest og 64 km i aust. Han dekkjer eit område på kring 33 820 km². Han er ein del av Mawsonhavet og skil Queen Mary Coast i vest frå Knox Coast i Wilkes Land i aust. Isbremmen vart oppdaga av USEE under Charles Wilkes, som kartla delar av han frå «Vincennes» i februar 1840. Han vart utforska av Den australasiatiske antarktisekspedisjonen under Douglas Mawson (1911-14), som namngav han etter sir Ernest Shackleton. Isbremmen vart kartlagt i større detalj i 1955, ved hjelp av flyfoto tekne av US Navy Operasjon Highjump i 1946-47. Den sovjetiske ekspedisjonen i 1956 kartla isbremmen ytterlegare austover frå Scottbreen til ein ein del av denne isbremmen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]