Shadow Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shadow Man
Song av David Bowie
Utgjeve 2002
Innspelt 2000
Låtskrivar(ar) David Bowie

«Shadow Man» er ein song skriven av David Bowie og først spelt inn i 1971 under Ziggy Stardust-innspelinga. Han vart spelt inn på ny av Bowie i 2000 og gjeven ut første gongen i 2002.

Den originale innspelingsdatoen er uviss. I følgje ein Bowie-ekspert vart ein uferdig demo med vokal, gitar og trommer spelt inn i Trident Studios den 14. september 1971, og ein tidlegare versjon kan ha blitt spelt inn i lag med «Rupert the Riley» den 23. april 1971.[1] Ein annan Bowie-ekspert meiner at songen vart spelt inn 15. november 1971.[2]

I 2000 spelte Bowie inn songen for det planlagte, men skrinlagde albumet Toy. Denne versjonen kom seinare ut på den avgrensa bonusplata til Heathen, og på singlane «Slow Burn» og «I've Been Waiting for You» og versjon 2 av den britiske singelen «Everyone Says 'Hi'». Han kom òg ut på samleplata Nothing Has Changed i 2014.

Songen er kjend for å ha likskap til Biff Rose-songen «The Man»,[3][4] som kom ut på hans Thorn In Mrs Roses Side. Dette albumet inneheld songane «Fill Your Heart» og «Buzz the Fuzz», som Bowie spelte inn.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

I følgje artisten Tanja Stark verkar teksten å vere inspirert av innsikta til Carl Jung. «Shadow» eller «skuggen» er eit kjernekonsept i hans djupnepsykologi. Bowie skildra seg sjølv som jungsk i forholdet sitt til draumetilstanden og nemnde Jung i teksten til «Drive-In Saturday».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pegg, Nicholas (2002). «The Songs from A to Z». The Complete David Bowie (Rev. & updated 2nd utg.). London: Reynolds & Hearn. s. 157. ISBN 1-903111-40-4. 
  2. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: p.231
  3. «Bowie Wonderworld Columnists: Blogalongabowie - David Bowie Slipped Discs 2». www.bowiewonderworld.com. Henta 7. desember 2020. 
  4. «Illustrated db Discography Forum :: View topic - A Rose by any other name: Biff and Bowie». illustrated-db-discography.nl. Henta 7. desember 2020.