Shag Rocks i Sør-Georgia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 53°33′S 42°2′W
Shag Rocks
øy
none Shag Rocks
Shag Rocks
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Øygruppe Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
Koordinatar 53°33′S 42°2′W
Høgaste punkt
 - høgd 75 moh
Areal 20 ha
Folketal 0
Shag Rocks i Sør-Georgia is located in Antarktis
Shag Rocks i Sør-Georgia (Antarktis)
Wikimedia Commons: Shag Rocks

Shag Rocks (spansk Islas Aurora) er seks små øyar heilt vest i Sør-Georgia, 240 km vest for hovudøya Sør-Georgia og 1000 km utanfor Falklandsøyane. Shag Rocks ligg 16 km søraust for Black Rock.

Shag Rocks har eit samla areal på mindre enn 20 hektar. Dei ligg på Sør-Georgiaryggen og har ei høgd på opp mot 75 meter over havet. Det er ikkje noko særleg med vegetasjon på øyane.

Det er mykje skrav på øya (shag på engelsk), prionar og vandrealbatrossar.

Shag Rocks vart kanskje oppdaga av Jose de la Llana i 1762 og opphavleg kalla Aurora Islands, etter skipet hans. Ein trur derimot at Aurora Islands var fantomøyar som berre tilfeldigvis låg nær Shag Rocks. Øyane var derimot kjende for selfangarar før 1823. Dei vart seinare oppdaga på ny av James Sheffield, som gav det noverande namnet til øyane. Dei vart kartlagde av mannskapet på «William Scoresby» under Discovery Investigations i 1927. Første gong ein gjekk i land på øyane var i 1956, då ein argentinsk geolog vart sleppt ned frå eit helikopter for å samle steinprøvar.

Øyane høyrer til dei britiske Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Før 1985 høyrte dei til Falkland Islands Dependencies.

Argentina har òg gjort krav på øyane og Falklandskrigen i 1982 vart utkjempa mellom Storbritannia og Argentina om herredøme over Falklandsøyane, men òg over Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Black Rock og Shag Rocks ligg langs ruta mellom Falklandsøyane og Sør-Georgia.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]