Shah Jahan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shah Jahan
'Jujhar Singh Bundela Kneels in Submission to Shah Jahan', painted by Bichitr, c. 1630, Chester Beatty Library (cropped).jpg
Fødd5. januar 1592
FødestadLahore festning, Walled City of Lahore, Lahore, Mogulriket
Død22. januar 1666
DødsstadAgra Fort, Agra
GravstadTaj Mahal, Agra
Gift medMumtaz Mahal, Izz-un-Nissa, Kandahari Begum
DynastiTimurid-dynastiet, Q15242416
FarJahangir
MorTaj Bibi Bilqis Makani
BornParhez Banu Begum, Jahanara Begum Sahib, Dara Shikoh, Shah Shuja, Roshanara Begum, Aurangzeb, Murad Bakhsh, Gauhara Begum

Shahab-ud-din Muhammad Khurram,[1] kjend under herskarnamnet Shah Jahan {Sjah Djahan, fødd 5. januar 1592 i Lahore, daud 22. januar 1666 i Agra[2] var den femte herskaren av Mogulriket frå 1627 til 1658.[3]

Shah Jahan (persisk شاه جهان‎) tyder 'Kongen av verda'.[4] Han er rekna som ein av dei største mogulherskarane. Under hans styre nådde Mogulriket eit høgdepunkt.[5] Han var ein røynd militærleiar, men er truleg best kjend for byggverka sine. Styretida hans byrja gullalderen imogularkitektur. Av dei mange monumenta Shah Jahan bygde er det best kjende Taj Mahal i Agra, som var gravstaden til favorittkona hans Mumtaz Mahal.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Då faren Djahangir døydde i 1627 var Deccan i ope opprør. Shah Jahan blei anerkjend som keisar 1628 og fekk fleire slektningar som tevla med han om trona drepne.

Shah Jahan og sonen hans erobra Kandahar frå safavidane i 1638. Dette førte til eit brot i banda til den persiske herskaren Abbas II, som gjenerobra byen i 1649. I 1636 erobra Shah Jahan riket Ahmednagar i Deccan og vann tributt frå Bijapur og Golconda. Frå 1637 blei makta hans skaka av valdsame marathaopprør.

Jahan hadde eit overdådig hoffliv, som mellom anna blei skildra av den franske juveleren Jean-Baptiste Tavernier, og lét oppføra ei mengd storslagne praktbygningqr, som mausoleet Taj Mahal til favorittkona si Mumtaz Mahal, moskeen Moti Masjid i Agra og dessutan 'Den store moskeen' (Jama Masjid) i Delhi.

Stormogulen blei avsett i 1658 av sonen sin Aurangzeb, og levde dei siste åra av livet som statsfangeDet raude fortet i Agra.

Han var far til keisar Aurangzeb, kronprins Dara Shikoh, Jahanara Begum og Roshanara Begum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Singh, Pashaura; Fenech, Louis E., red. (2014). The Oxford handbook of Sikh studies. Oxford University Press. s. 649. ISBN 978-0-19-969930-8. 
  2. «Shah Jahan». Encyclopædia Britannica. 
  3. Gonzalez, Valerie (2016). Aesthetic Hybridity in Mughal Painting, 1526–1658 (på engelsk). Routledge. s. 116. ISBN 978-1-317-18487-4. 
  4. Middleton, John (2015). World Monarchies and Dynasties (på engelsk). Routledge. s. 451. ISBN 978-1-317-45158-7. 
  5. Mehta, Jaswant Lal (1986). Advanced Study in the History of Medieval India (på engelsk). Sterling Publishers Pvt. Ltd. s. 59. ISBN 978-8120710153. 

Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene: