Shake It av Sákis Rouvás

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Shake It»
Singel av Sákis Rouvás
frå albumet To khróno stamatáo
Land Hellas
Språk Engelsk
Utgjeve 20. april 2004
(Sjå utgjevingshistorie)
Innspelt 2004
Sjanger Gresk (syrtós og syrtáki), pop og dansepop
Lengd 3:00
Selskap Minos EMI
Låtskrivar(ar) Nektários Tyrákis og Níkos Terzís
Produsent Níkos Terzís
Sákis Rouvás-kronologi
«Feelings»
(2003)
«Shake It» «Se thélo san trelós»
(2004)


«Shake It» (engelsk for Rist det) var det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2004 i Istanbul i Tyrkia, framført på engelsk av Sákis Rouvás. Songen er skriven av Nektários Tyrákis og Níkos Terzís, og vart gjeven ut 20. april 2004. «Shake It» vart teken med på nyutgjevinga av albumet To khróno stamatáo i 2004.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Eurostar 2004[endre | endre wikiteksten]

I desember 2003 valde Ellinikí Radiofonía Tileórasi å arrangere Eurostar, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2003, der 36 songarar tevla om å få representere Hellas. Apóstolos Psichramís vann Eurostar, og var klår for songuttakinga. I staden for å velje song valde Ellinikí Radiofonía Tileórasi «Shake It» og Sákis Rouvás internt til å representere Hellas. Vinnaren, andreplassen og tredjeplassen frå Eurostar fekk høve til å vere støttevokalistar.

Eurovision Song Contest 2004[endre | endre wikiteksten]

«Shake It»
Sakis Rouvas ESC 2004 4.jpg
Eurovision Song Contest 2004
Land Hellas
Artist(ar) Anastásios Rouvás jr.
Alias Sákis Rouvás
Medverkande Apóstolos Psichramís (støttevokalist)
Språk Engelsk
Komponist(ar) Níkos Terzís
Låtskrivar(ar) Nektários Tyrákis
Resultat
Semifinalepoeng 238
Semifinaleplass 3
Finalepoeng 252
Finaleplass 3
Hellas i Eurovision Song Contest
«Never Let You Go»
(2003)
«Shake It» «My Number One»
(2005)

Hellas deltok i semifinalen i Eurovision Song Contest 2004 og enda på tredjeplass med 238 poeng; tolv frå Albania, Kypros, Storbritannia, Israel, Malta, Romania og Tyrkia, ti frå Belgia, Serbia og Montenegro, Tyskland og Ukraina, åtte frå Andorra, Kviterussland, Litauen og Portugal, sju frå Spania og Makedonia, seks frå Kroatia, Island, Latvia og Nederland, fem frå Austerrike, Bosnia-Hercegovina, Finland og Noreg, fire frå Estland, Monaco, Sverige og Slovenia, tre frå Sveits og Danmark og to frå Irland. Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på tredjeplass med 252 poeng; tolv frå Albania, Kypros, Storbritannia, Malta og Romania, ti frå Israel, Litauen, Monaco og Tyrkia, åtte frå Andorra, Belgia, og Ukraina, sju frå Serbia og Montenegro, Tyskland, Spania, Kroatia, Latvia, Makedonia, Polen og Russland, seks frå Kviterussland, Finland, Frankrike, Island, Nederland, Portugal og Slovenia, fem frå Bosnia-Hercegovina, Estland og Irland, fire frå Sveits og Sverige, tre frå Danmark og to frå Austerrike og Noreg.

«Shake It» både slo og opprettheldt ei rekkje rekordar i tevlinga. Med 252 poeng er «Shake It» det bidraget som har fått flest poeng på ein tredjeplass. Tidlegare hadde Malta denne rekorden med 166 poeng, og sjølv om 25 land røysta i 1998 og 36 i 2004, har «Shake It» eit høgare poenggjennomsnitt. Bidraget fekk òg tredjeplass i semifinalen, og den førebels høgaste poengsummen for ein tredjeplass nokonsinne, med heile 238 poeng. Hellas fekk òg det høgaste poenggjennomsnittet for semifinalen og finalen til saman. «Shake It» er utan tvil det mest vellukka greske bidraget i kumulative poeng. I finalen fekk bidraget 252 poeng frå alle dei 35 landa, noko som er den høgaste poengsummen til eit gresk bidrag per dags dato og den andre gongen sidan 2001 eit gresk bidrag har fått poeng frå alle deltakarlanda. Sjølv om det sidan 2004 har vorte fleire land som deltek enn tidlegare fekk songen eit poenggjennomsnitt på 7,2, som òg er det høgaste gjennomsnittet til eit gresk bidrag. Alle desse rekordane vart halden av Antique med «(I Would) Die For You» i 2001, etter å ha fått 147 poeng frå alle dei 22 deltakarlanda, og med eit gjennomsnitt på 6,68. I 2001 røysta berre 23 land, medan det i 2004 var 36 land som røysta, noko som gjer det vanskeleg å samanlikne dei to åra. «Shake It» fekk òg tolv poeng fem gonger, noko som var det høgaste talet tolvpoengarar landet hadde fått nokonsinne. Rekorden vart slått året etter. «Shake It» var i fleire veker nummer ein på både den greske og kypriotiske hitlista, og songen låg nesten eitt heilt år på den greske lista. Songen var òg nummer 32 på den svenske hitlista. Bidraget selde til platina fire gonger i Hellas og tre gonger på Kypros, og vart den mestseljande singelen i 2004. Det høge salet gjorde at Rouvás vann sin fyrste World Music Award. Songen har sidan vorte ein av dei mest selde CD-singlane gjennom tidene i Hellas.

Format og sporliste[endre | endre wikiteksten]

  1. «Shake It» (Eurovisionversjon)
  2. «Shake It» (Klubbremiks av Níkos Terzís)
  3. «Shake It» (Soumkamiks)
  4. «Shake It» (Radiomiks av Marsheaux)
  5. «Shake It» (Radioversjon)

Utgjevingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Selskap Format
Hellas Mars 2004 Minos EMI Radiosingel
20. april 2004 Minos EMI CD-singel
Kypros Mars 2004 Minos EMI Radiosingel
20. april 2004 Minos EMI CD-singel
Tyrkia Mai 2004 Minos EMI CD-singel
Europa Mai 2004 Universal Music CD-singel
Skandinavia Juni 2004 Minos EMI CD-singel

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Greek Airplay Chart 1
Greek Singles Chart 1
Cypriot Airplay Chart 1
Swedish Singles Chart 32

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Greske songar i Eurovision Song Contest Mal:Songar i Eurovision Song Contest 2004