Shake Your Moneymaker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shake Your Moneymaker
Singel av Elmore James
A-side

«Look on Yonder Wall»

Utgjeve Desember 1961
Innspelt J&M Studios
New Orleans, Louisiana
Juni–september 1961
Sjanger Blues
Lengd 2:30
Selskap Fire (Cat. no. 504)
Låtskrivar(ar) Elmore James
Produsent Bobby Robinson
Elmore James-kronologi 
«Done Somebody Wrong»/ «Fine Little Mama»
(1960)
Shake Your Moneymaker «Stranger Blues»/ «Anna Lee»
(1962)


«Shake Your Moneymaker» eller «Shake Your Money Maker» er ein song av Elmore James frå 1961 som har vorte ein standard innan blues.[1] Han var inspirert av tidlegare songar og har blitt tolka og spelt inn av mange bluesartistar og andre artistar. «Shake Your Moneymaker» er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.[2]

Tidlegare songar[endre | endre wikiteksten]

I 1958 spelte Chicago-bluessongaren Shakey Jake Harris inn «Roll Your Moneymaker» med eit band som bestod av Magic Sam på gitar og Willie Dixon på bass (Artistic 1502). Songen, som var ein 12-taktsblues med mellomspel, bestod av refrenget «roll your moneymaker». I følgje ein av biografane til Elmore James, «I følgje Chicago blues-soga var det trommeslagar/vokalist James Bannister som skreiv melodien kalla 'Roll Your Moneymaker', men han spelte aldri inn denne» (Bannister hadde spelt med J.T. Brown og Magic Sam).[3] Det vart òg notert at rytmegitaren i James sin «Shake Your Moneymaker» var inspirert av «Got the Blues Can't Be Satisfied» av Mississippi John Hurt i 1928 (OKeh 8724).[3]

Andre har foreslått at «Shake Your Moneymaker» er ein variasjon av songar som kan sporast attende til Charlie Patton («Shake It and Break It» 1929 Paramount 12869) og Bukka WhiteShake 'Em on Down» 1937 Vocalion 03711).[1] Men songen er òg identifisert som ein Elmore James «original».[4]

Elmore James-songen[endre | endre wikiteksten]

«Shake Your Moneymaker» er ein livleg 12-takts blues med slidegitar. James spelte inn songen i Cosimo Matassa sitt J&M Studios i New Orleans i Louisiana under «a candelight» (stearinlys), det vil sei uorganisert, innspeling sommaren 1961.[3] I følgje trommeslagaren og munnspelaren Sam Myers hadde James problemar med fagforeininga, så innspelinga fann stad om kvelden med lite lys, for å ikkje trekkje til seg merksemda til den lokale fagforeininga til musikarane.[3] James hadde samla saman ein Mississippi-versjonen av bandet sitt, The Broomdusters, for innspelinga: Johnny «Big Moose» Walker (piano), Sammy Lee Bully (bass) og King Mose Taylor (trommer). Etter ein falsk start, nytta bandet det andre opptaket som singel. Det vart spelt inn fleire songar under innspelinga, men berre «Shake Your Moneymaker», i lag med «Look on Yonder Wall», vart gjeve ut på den tida.

«Shake Your Moneymaker» vart ein av dei mest kjende James-songane og eit populært dansenummer. Aktivisten og forfattaren James Meredith skildra å ha sett James «få publikum til å ta fullstendig av på Mr. P's, ein beskjeden [Mississippi] juke joint» med songen.[5] «Stundom spelte bandet songen i ein halvtime eller lenger utan stop, og publikum ropte på meir når det var over».[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Paul Butterfield spelte ein versjon av «Shake Your Money-Maker» i 1965 for The Paul Butterfield Blues Band. Songen gav Doors-gitaristen Robby Krieger ideen til riffet i songen «Break On Through (To the Other Side)».[6] I 1968 spelte «Shake Your Moneymaker» den første versjonen av Fleetwood Mac inn songen for debutalbumet deira, Fleetwood Mac. George Thorogood spelte inn songen i 1988 for Born to Be Bad. I 1997 spelte Gillette inn ein versjon av songen for albumet Shake Your Money Maker. I 1999 spelte The Black Crowes ein liveversjon av songen i lag med Jimmy Page som vart gjeven ut på Live at the Greek. I 2006 gav Ludacris ut ein dirty rap-versjon av songen kalla «Money Maker», som toppa singellistene i USA.

I juni 2010 framførte Eric Clapton og Jeff Beck songen i lag på Clapton sin Crossroads Guitar Festival. Han er òg med på Foghat-albumet Last Train Home frå 2010 og som bonusspor på Rod Stewart-albumet Time frå 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Herzhaft, Gerard (1992). «Shake Your Moneymaker». Encyclopedia of the Blues. University of Arkansas Press. s. 470. ISBN 1-55728-252-8. 
  2. «500 Songs That Shaped Rock and Roll». Exhibit Highlights. Rock and Roll Hall of Fame. 1995. Arkivert frå originalen 2. mai 2007. Henta 3. mai 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Franz, Steve (2003). The Amazing Secret History of Elmore James. Walsworth Publishing. s. 115–17. ISBN 0-9718038-1-1. 
  4. Morris, Chris; Haig, Diana (1992). Elmore James — King of the Slide gitar. Elmore James. Capricorn Records. s. 13. 9 42006–2. 
  5. Gioia, Ted (2008). Delta Blues. W. W. Norton. s. 314. ISBN 978-0-393-33750-1. 
  6. The Story of «Break on Through» by The Doors