Shameless av Billy Joel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shameless
Singel av Billy Joel
frå albumet Storm Front
Utgjeve 1989
Sjanger Rock
Lengd 4:26
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Mick Jones
Billy Joel-kronologi 
«And So It Goes»
(1990)
Shameless «All Shook Up»
(1992)


Shameless
Singel av Garth Brooks
frå albumet Ropin' the Wind
B-side

«The Dance»/«Rodeo»/«The Thunder Rolls»

Utgjeve 21. oktober 1991
Sjanger Country, countryrock
Lengd 4:20
Selskap Liberty
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Allen Reynolds
Garth Brooks-kronologi 
«Rodeo»
(1991)
Shameless «What She's Doing Now»
(1991)


«Shameless» er ein song skriven av den amerikanske songaren Billy Joel og gjeve ut i 1989 for albumet Storm Front. Songen vart òg gjeven ut som singel og nådde 40. plassen på Hot Adult Contemporary Tracks-lista. To år seinare vart han spelt inn av countryartisten Garth Brooks for det tredje studioalbumet hans, Ropin' the Wind i 1991. Brooks-verjonen vart den sjuande førsteplassen han hadde på countrylista til Billboard seint i 1991. Denne versjonen nådde òg 71. plassen på UK Singles Chart.

I 1993 sa Joel på scenen i Boston, «Eg ønskte å skrive ein song, som ein Jimi Hendrix-song. I 60-åra var han eit av idola mine, Jimi Hendrix.»[1]

Garth Brooks-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Trisha Yearwood syng harmonivokal på denne versjonen. Garth skreiv om innspeligna i CD-heftet til The Hits:

«Eg vart overtalt til å bli medlem av ein CD-klubb... du veit, 40 000 CDar for ein penny. Med slike klubbar gjev dei deg tilbod om utvalet for den månaden, og om du ikkje skriv attende og kansellerar, så sender dei plata til deg og du må betale. Eg var på turné i seks månader, utan høve til å sjekke post, og då eg kom heim låg det seks CD-plater i postkassen. Storm Front av Billy Joel var ei av dei. Eg hadde ikkje høyrt på Billy Joel sidan slutten av 70-åra, truleg sidan Glass Houses. Eg vart forelska i det albumet og igjen i musikken til Billy Joel. Ein av songane som verkeleg greip meg var «Shameless». Me kontakta folka hans og håpte at me kunne få spele han inn. Eg fekk brev attende om at han visste kven eg var og at han var æra over at eg ville spele inn songen. Det var eit stort kompliment for meg. Håpet mitt er at Billy, som låtskrivar, høyrer denne versjonen og seier «Yeah, man, den fyren har ballar.»[2]

Garth Brooks spelte «Shameless» i lag med Billy Joel på Joel-konserten Last Play at Shea i 2008, og etter Brooks hadde spelt songen på Central Park-konserten sin i 1997, kom Joel ut på scenen med han og i lag song dei duett på «New York State of Mind». I 2011 framførte Joel og Brooks songen i lag då Brooks vart vald inn i Songwriters Hall of Fame av Joel.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Billy Joel-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 40

Garth Brooks-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (1991) Plassering
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[3] 23
Canada Country Tracks (RPM)[4] 1
Nederland[5] 43
UK Singles Chart[6] 71
US Country Songs (Billboard)[7] 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. youtube Billy Joel 'Shameless' Live Soundboard 1993 https://www.youtube.com/watch?v=sVVZgDF2Wb4
  2. Garth Brooks - The Hits: transcription from the CD booklet (bar code 7-2438-29689-2-4)
  3. "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada. January 18, 1992. Retrieved August 16, 2013.
  4. "RPM Country Tracks." RPM. Library and Archives Canada. November 30, 1991. Retrieved August 16, 2013.
  5. http://www.swisscharts.com/showitem.asp?interpret=Garth+Brooks&titel=Shameless&cat=s
  6. http://www.officialcharts.com/artist/_/garth%20brooks/
  7. "Brooks?f=357&g=Singles Garth Brooks Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Garth Brooks. Prometheus Global Media.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]