Shangluo
Shangluo | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Shangluo | |||
Wikimedia Commons: Shangluo | |||
Shangluo (kinesisk skrift 商洛, pinyin Shāngluò Shì) er eit byprefektur aust i den kinesiske provinsen Shaanxi. Prefekturet dekker eit areal på 19 292 km² og har om lag 2,34 millionar ibuarar. Det ligg i austdelen av fjellområdet Qinling.
Byprefekturet Shangluo omfattar eitt bydistrikt (区 qū) og seks fylke (县 xiàn).
Samferdsle[endre | endre wikiteksten]
Kinas riksveg 312 går gjennom området. Han fører frå Shanghai til ein grenseovergang til Kasakhstan. Vegen passerer mellom andre byane Suzhou, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan i Gansu og Urumqi.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Shangluo» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juli 2012.