Shanhaiguan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shanhaiguan
pass
Shanhaiguan.jpg
Offisielt namn: (forenkla kinesisk 山海关, tradisjonell kinesisk 山海關, mandarin-pinyin Shānhǎi Guān, Wade–Giles Shan Hai Kuan, Jyutping: saan1 hoi2 gwaan1, bokstaveleg ‘fjell- og havpasset’
Wikimedia Commons: Shanhaiguan

Shanhaiguan (Shanhai-passet) er eit av hovudpassa i Den kinesiske muren. Det ligg i dag i ein sektor av byen Qinhuangdao i Hebei-provinsen i Folkerepublikken Kina. På norsk tyder namnet fjell- og havpasset. Det utgjer austenden av Den kinesiske muren frå Ming-dynastiet, og er eit populært turistmål. Shanhai-passet er om lag 300 km aust for Beijing.

Den kinesiske muren møter havet

Porten gjennom muren blir kalla 'Den første porten under himmelen'. Staden der muren når ned til Stillehavet (i Bohai-bukta) har fått tilnamnet 'Hovudet til den gamle draken'.

Her var i lange tider i historia den kinesiske forsvarsgrensa mot stammene i Mandsjuria (som khitanarne, jursjenarne og mandsjuane).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 40°00′33.71″N 119°45′14.92″E