Shapes of Things

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Shapes of Things»
Singel av The Yardbirds
B-side

«You're A Better Man Than I» (UK)
«I'm Not Talking»"(USA, Epic 9891)
«New York City Blues»(USA, Epic 10006)

Språk engelsk
Utgjeve Februar 1966
Sjanger Psykedelisk rock, bluesrock
Selskap Columbia (EMI) DB7848 (UK)

Epic 9891 (USA)
Epic 10006 (USA)

Komponist Jim McCarty, Keith Relf, Paul Samwell-Smith
Tekstforfattar Jim McCarty, Keith Relf, Paul Samwell-Smith
Låtskrivar(ar) Paul Samwell-Smith, Keith Relf, Jim McCarty
Produsent Giorgio Gomelsky
The Yardbirds-kronologi 
«Evil Hearted You»
(1965)
«Shapes of Things» «Over Under Sideways Down»
(1966)


«Shapes of Things» er ein song skriven av Paul Samwell-Smith, Keith Relf og Jim McCarty og spelt inn av The Yardbirds. Han kom ut som singel i 1966.

Songen er ein av dei mest kjende songane til The Yardbirds på grunn av gitarsoloen til Jeff Beck med mykje fuzz og feedback, som ikkje var vanleg på denne tida.

Beck omarbeidde songen to år seinare med sitt eige band, og han vart første songen på solodebuten hans, Truth (1968), med vokal av Rod Stewart. Medlåtskrivar McCarty spelte òg songen på ny med bandet sitt The British Invasion All-Stars for albumet Yardbirds Family Tree i 2006.

I mars 2005 rangerte musikkmagasinet Q songen på 61. plass på lista over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Singelliste 1966 Plassering Veker på lista
UK Singles Chart[1] 3 9
Canada RPM 100[2] 7 11
Den tyske singellistas[3] 22 9
US Billboard Hot 100[4] 11 10
US CashBox Top 100[4] 10 12

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte spelt inn fleire gonger. David Bowie spelte inn songen for albumet Pin Ups i 1973. Nazareth spelte songen på albumet Rampant i 1974. Gary Moore gjorde ei utgåve av Jeff Beck Group sin versjon i 1983 på albumet Victims of the Future og Jeff Healey Band spelte songen på Cover to Cover i 1995. The Black Crowes har spelt songen på konsert med gitarist Jimmy Page. I 2004 spelte Rush ei utgåve av songen på albumet Feedback.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Yardbirds – Singles». Official Charts. Henta 31. mars 2018. 
  2. «RPM 100 – Week of May 23rd, 1966». Libraries and Archives Canada. Henta 31. mars 2018. 
  3. «The Yardbirds – Singles». musicline.de. Arkivert frå originalen 27. mai 2014. Henta 31. mars 2018. 
  4. 4,0 4,1 Koda & Russo 2001, s. 45.