Shapeshifter av Gong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shapeshifter av Gong
Studioalbum av Gong
Utgjeve 1992
Innspelt September 1991 til juli 1992
Sjanger Post-punk, spacerock[1]
Lengd 66:00
Selskap Celluloid, Lightyear
Produsent Dino Watkyn, Nigel Gilroy
Gong-kronologi 
About Time
(1980)
Shapeshifter av Gong Zero to Infinity
(2000)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Shapeshifter er det niande studioalbumet gjeve ut under namnet Gong. Det kom ut i 1992 og er det første skikkelege albumet frå det Daevid Allen-leia Gong sidan You frå 1974. Det er det første albumet frå den originale gruppa utan det opphavlege medlemmet Gilli Smyth. Didier Malherbe og Allen er dei einaste som var att frå dei tidlegare albuma. Pip Pyle, som spelte på Continental Circus og Camembert Electrique var òg attende i bandet.

Med hovudkarakteren Zero the hero, held albumet fram Gong-mytologien, som var ein sentral del av Radio Gnome-trilogien på 70-talet,[2] som bestod av Flying Teapot og Angels Egg i 1973 og You i 1974.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

I åra etter 1992 har et kome forskjellige utgåver av albumet med forskjellig nummerering av spora. På den originale plata[2] har nettsida til Gong ført opp nummer 12: «Là Bas Là Bas» og nummer 13: «I Gotta Donkey» - desse finst ikkje på Lightyear-utgåva frå 1997. Denne utgåva[1] har eit anna avslutningsspor kalla «Goddess Invocation Om Riff», som var eit konsertopptak frå Sankt Hans-aftan ved Ynys Witren i 1992.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Gnomerique»Allen0:07
2.«Shapeshifter»Allen, Malherbe4:53
3.«Hymnalayas»Allen, Bailey7:38
4.«Dog-o-matic»Maitra3:00
5.«Spirit With Me»Allen, Ehrlich2:27
6.«Mr Albert Parkin»Clark0:17
7.«Raindrop Tablas»Maitra0:21
8.«Give My Mother a Soul Call»Yogananda4:30
9.«Heaven's Gate»Allen, Bailey4:49
10.«Snake Tablas»Maitra0:34
11.«Loli»Allen, Clark5:09
12.«Là Bas Là Bas»Couture, Allen4:06
13.«I Gotta Donkey»Allen2:12
14.«Can: You Can»Malherbe9:09
15.«Confiture de Rhubarbier»Pyle1:18
16.«Parkin Triumphant»Clark0:06
17.«Longhaired Tablas»Maitra0:14
18.«Éléphant la Tête»Malherbe, Maitra4:41
19.«Mother's Gone»Allen1:12
20.«Éléphant la Cuisse»Malherbe, Clark3:26
21.«White Doves»Viraj, Sunsinger5:24
22.«Gnomoutro»Allen0:27
Bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
23.«Goddess Invocation Om Riff»Allen, Blake, Hillage, Howlett, Smyth12:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Daevid Allen: gitar, vokal
  • Graham Clark: fiolin, vokal
  • Shyamal Maitra: Tablas, ghatam, djembé, darbuka, techno-perkusjon, programmering. Trommer på 13
  • Keith Bailey: bassgitar, vokal: 2, 9
  • Didier Malherbe: Bass, saksofon. WX7, klaverinstrument, hundar, pikkolofløyte, fløyter
  • Pip Pyle: trommer, ti grøne flasker og skrik

Gjester[endre | endre wikiteksten]

  • Charlelie Couture: vokal: 12
  • Tom the Poet: Instant radiodikt under den amerikanske turneen med Allen: 13
  • Loy Ehrlich: klaverinstrument: 8, Kora: 5
  • Mark Robson: klaverinstrument og vokal: 22

Andre medverkande på bonusspor[endre | endre wikiteksten]

  • Mike Howlett: Bass
  • Peter Kimberley: vokal
  • Steffi Sharpstrings: gitar
  • Gilli Smyth: Kviskring frå verdsrommet, vokal, plystring
  • Twink: Synthesizer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Nickson, Chris (2011). «Shapeshifter - Gong | AllMusic». allmusic.com. Henta 7. november 2019. 
  2. 2,0 2,1 Shapeshifter Arkivert 2015-04-27 ved Wayback Machine. at the Gong website www.planetgong.co.uk. Henta 16. november 2019.
  3. Shapeshifter (Lightyear Entertainment 54200-2, 1997)Discogs