Shavei Tzion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°58′46.55″N 35°4′55.92″E
Shavei Tzion
שָׁבֵי צִיּוֹן
landsby
Shavei Tzion wall.jpg
Bygginga av palisaden i 1938.
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 32°58′46.55″N 35°4′55.92″E
Grunnlagd 13. april 1938
 - Grunnlagd av Tyske immigrantar
Tilhøyrsle Jordbruksunionen
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Shavei Tzion

Shavei Tzion (שָׁבֵי צִיּוֹן, tyder Dei attvendte til Sion) er ein moshav shitufi nord i Israel. Han ligg mellom Akko og Nahariya og dekkjr 2000 mål i Mateh Asher regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 654.

Landsbyen vart grunnlagd 13. april 1938 som ein del av tårn- og palisade-busetjingane. Grunnleggjarane var immigrantar frå Rexingen i Tyskland, som kom under den femte Aliyah.[1] Shavei Tzion vert rekna som eina v dei vakraste landsbyane i Galilea på grunn av nærleiken til Middelhavet.[2]

Det vart reist eit minnesmerke på stranda i 1999 til minne om 12 døde israelske soldatar i operasjonar i Libanon og eit gammalt skip frå den israelske marinen, Kidon, vart søkkt som ein turistattraksjon.[3][4]

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

I 1955 vart det gjort funn av ei gammal kyrkje langs stranda mellom Akko og Tyr, datert til 300-talet. Utgravingane var leia av Moshe Prausnitz og ein fann mellom anna mosaikkgolv og murar.[5][6]

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]