Shavian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Shaw-alfabetet)

Shavian (Shaw-alfabetet eller The Shaw Alphabet) er eit fonetisk alfabet, spesielt utarbeidd for det engelske språket med mål om å eliminere vanskane ved konvensjonell staving. Alfabetet vart utforma av Kingsley Read og oppkalla etter den irske forfattaren George Bernhard Shaw. Skriftspråket finst i fleire variantar og blei koda for Unicode i 2003, men er ikkje i utstrekt bruk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

George Bernhard Shaw var frustrert at engelsk rettskriving var så lite regelbunden. Sjølv skreiv han fleire av tekstane sine stenografisk, som stort sett er fonetisk basert. Han ønskte seg derfor eit alfabet som på ein betre måte kunne takle lydane i det engelske språket.

Shaw hadde tent seg rik på verket Pygmalion som vart omskapt til musikalen My Fair Lady, der den språk-elskande professor Higgins er ein av hovudpersonane. I testamentet sitt sette han av ein pengepremie til den som kunne uarbeide alfabet der kvart teikn stod til éin lyd. Teikna skulle vere forskjellige frå det latinske alfabetet for å forhindre forvirring.

Gjennom testamentet til Shaw vart det lyst ut ein konkurranse, og av fire vinnarutkast utforma Kingsley Read det endelege resultatet som vart kalla Shavian.

Alfabetet[endre | endre wikiteksten]

Som det latinske alfabetet skriv ein shavian over tre høgdenivå. Bokstavane er derfor korte (berre i midtfeltet), høge (i midt- og overfeltet), eller djupe (går over midt- og nederfeltet). Høge og djupe bokstavar er alltid konsonantar og opptrer i par: den høge bokstaven er alltid ustemd (med unntak av «yea» og «hung»), den djupe motparten er alltid stemd. Dei korte bokstavane er vokalar eller nasalar. I motsetnad til latinsk skrift, har ikkje shavinan nokon skilnad mellom majusklar og minusklar (såkalla «store» og «små» bokstavar). For å indikere eigennamn brukar ein «namneprikk» (•) framfor namnet.. Elles har shavian teiknsetjing som på engelsk.

Bokstavane[endre | endre wikiteksten]

«Høge» og «djupe» bokstavar:
Shavian bokstav
Uttale
/p/ /b/ /t/ /d/ /k/ /g/ /f/ /v/ /θ/ /ð/
Namn
med bokstavlyden utheva
peep bib tot dead kick gag fee vow thigh they
 
 
/s/ /z/ /ʃ/ /ʒ/ /ʧ/ /ʤ/ /j/ /w/ /ŋ/ /h/
so zoo sure measure church judge yea woe hung ha-ha

«korte»bokstavar:
/l/ /ɹ/ /m/ /n/ /ɪ/ /iː/ /ɛ/ /eɪ/ /æ/ /aɪ/
loll roar mime nun if eat egg age ash ice
 
/ə/ /ʌ/ /ɒ/ /əʊ/ /ʊ/ /uː/ /aʊ/ /ɔɪ/ /ɑː/ /ɔː/
ado up on oak wool ooze out oil ah awe

Samanskrivingar:
/ɑɚ/ /ɔɚ/ /ɛɚ/ /ɝ/ /ɚ/ /ɪɚ/ /ɪə/ /juː/
are or air err array ear Ian yew

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]