She'ar Yashuv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°13′34.68″N 35°38′47.75″E
She'ar Yashuv
landsby
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 33°13′34.68″N 35°38′47.75″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Shear Yishuv

She'ar Yashuv (שְׁאָר יָשׁוּב) er ein arbeidarmoshav i Øvre Galilea nordaust i Huladalen nord i Israel. Han høyrer til Mevo'ot HaHermon regionale kommune.

Han vart grunnlagd i 1940. I 2008 hadde han 200 innbyggjarar i 78 familiar. Innbyggjarane arbeider hovudsakleg i pensjonat med kost. Eit par arbeider i jordbruk og med dyrehald. Moshaven vart kjend nasjonale etter ei helikopterulukke i 1997, då to helikopter frå det israelske forsvaret kolliderte i lufta over landsbyen, og 73 menneske mista livet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

She'ar Yashuv vart grunnlagd i februar 1940 som ein del av Ussishkinfestningane av 30 familiar frå Hanoar Hatzioni og «HaOved HaTzioni» (Sionistarbeidarar). Han heitte opphavleg Metzadot Ussishkin Gimel og sidan Aleh Reish. Det noverande namnet kjem frå Bibelen, Jesaja 10:21 («Ein rest skal venda om til den veldige Gud, ein rest av Jakob.»).

Då kampane i den arabisk-israelske krigen 1948 enda og våpenkvilen vart erklært mot slutten av 1948, flytta dei fleste innbyggjarane frå landsbyen fordi dei vart bombardert av Syria frå Tel Azaziat, som ligg oppom landsbyen i aust.

I 1949 vart han busett på ny av restar frå det opphavlege samfunnet. Denne gongen i tillegg med medlemmar frå Hanoar Hatzioni frå Ungarn som overlevde Holocaust.

Syrarane skaut mot innbyggjarane i landsbyen i 19 år, og i 1957 mista Yosef Ben-Haim livet i landsbyen.

Den andre dagen av seksdagarskrigen, prøvde syrarane å erobre She'ar Yashuv. Damaskus radio og den franske dagsavisa Le Monde annonserte til og med at moshaven var tapt til syrarane. Men eit par forsvarar stod standfast og jaga syrarane bort. Syrarane prøvde å ta moshaven fleire gonger, men klarte det ikkje. Den 9. juni 1967 kapra soldatar frå Golanbrigaden Tel Azaziat og fjerna syrarane frå området.

I 1970- og 1980-åra vart landsbyen fleire gonger råka av Katyusha-rakettar frå libanesiske terroristar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]