Shefayim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°13′0.84″N 34°49′28.55″E
Shefayim
שְׁפָיִים
kibbutz
Risjpon018.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Sharonsletta
Distrikt Sentral
Kommune Hof HaSharon
Koordinatar 32°13′0.84″N 34°49′28.55″E
Grunnlagd 1935
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla

Shefayim
32°13′1″ N 34°49′29″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Shfayim

Shefayim (hebraisk skrift שְׁפָיִים, tyder Snaue høgder) er ein kibbutz sentralt i Israel 4 km nord for Herzliya langs Middelhavskysten. Shefayim høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2009 hadde han 700 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutz Shefayim vart grunnlagd i 1931 av immigrantar frå Polen.[1] Namnet er teke frå Jesaja 41:18: «Eg opnar elvar på snaue høgder.» Under Palestinamandatet var Shefayim base for hemmeleg innvandring. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 tok han i mot flyktningar frå kibbutzen Beit HaArava.

Tidleg i 1970-åra grunnla kibbutzen Polycad, ein plastfabrikk. Tidleg i 1980-åra vart Shafit bioteknologiverk oppretta. I midten av 1990-åra kjøpte dei Zirei Israel-fabrikken, som vart ein leiar innan israelsk bomullsindustri.[2]

Kibbutz Shefayim er ein av dei rikaste medlemmane i kibbutzrørsla og var ein av få kibbutzar som ikkje trengde hamna i pengenaud og trong hjelp frå staten og bankane under nedgangstida i 1980-åra. Den største inntektskjelda til kibbutzen er Hutzot Shefayim, eit kjøpesenter. Andre inntektskjelder er eit hotell- og konferansesenter, og ein vasspark.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Shefayim
  2. kibbutz Shefayim history
  3. The ideology is dead. Long live the deal, Haaretz

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]