Shehyfjella

Koordinatar: 51°49′N 9°26′W / 51.82°N 9.43°W / 51.82; -9.43
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Shehyfjella

Shehyfjella (Cnoic na Síofrairsk) er ei rekkje låge fjell på grensa mellom County Cork og County Kerry i Republikken Irland.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Den høgaste toppen i Shehyfjella er Knockboy (Cnoc Buí, «Guleåsen») med ei høgd på 706 meter over havet. Dette er òg den høgaste toppen i County Cork. Dei fleste andre toppane i fjellkjeda er mellom 500 og 600 meter over havet. Elva Lee har sitt utspring i Coomroe, ein liten dal aust i fjellkjeda, og renn austover mot Cork Harbour, der ho munnar ut i sjøen. Toppane består hovudsakleg av sandstein. Under den siste istida forma isbreane fjella til slik dei er i dag og grov ut mange djupe dalar. Smeltevatnet etter isbreane danna òg mange vatn i dalane og på fjelltoppane.

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Shehyfjella er hovudsakleg dekte av torvmyrer og grove grassletter, men ein finn òg nokre plantefelt med barskog rundt om i området. Av typiske planter i fjellkjeda finn ein mellom anna tettegras, soldogg, røsslyng og blåbær.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Dyra som held til i fjella er stort sett dei same som ein finn i låglandet, men dei er oftare å få auge på i fjella:

Pattedyr
Fuglar

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har vore busett i minst 5000 år. Fleire monument frå yngre steinalder ligg i området rundt fjellet og i dalane, i tillegg til ringfort og fulachta fia. Ein av dei viktigaste historiske stadane her er Gougane Barra i Coomroedalen, der St. Finbarr oppretta ein ermitasje på 500-talet.

Under den irske sjølvstendekrigen var fjellet ein skanse for IRA, noko det òg var for grupper som var mot den anglo-irske avtalen under den irske borgarkrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

51°49′N 9°26′W / 51.82°N 9.43°W / 51.82; -9.43