Sheikh Danun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sheikh Dannun
שֵּׁיח' דַּנּוּן, الشيخ دنون, Sheikh Dannun
landsby
Land  Israel
Region Øvre Galilea (vest)
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 32°59′29.77″N 35°8′52.24″E / 32.9916028°N 35.1478444°E / 32.9916028; 35.1478444
Folketal 3 200  (2014)
Kart
Sheikh Danun
32°59′30″N 35°08′52″E / 32.991602777778°N 35.147844444444°E / 32.991602777778; 35.147844444444
Wikimedia Commons: Sheikh Danun

Sheikh Dannun (arabisk الشيخ دنون, שֵּׁיח' דַּנּוּן), òg skrive Sheikh Danun og Sheikh Danon) er ein arabisk landsby i Nord distrikt i Israel. Sidan 1948 har han bestått av to eldre landsbyar - Shaykh Danun og Shaykh Dawud (eller Daud, so tyder «David») - som vart slått saman, og som i dag vert kalla Sheikh Dannun. Han ligg på ein ås oppom slettene ved Akko, og begge desse gamle landsbyane vart bygde kring grava til ein sjeik, og deler ei liknande historie.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Staden har ei gammal historie. Ein har funne gravkammer daterte til den midtre bronsealderen nord for den moderne landsbyen. Ein har òg funne potteskar frå den bysantinske og osmanske tuda.[2]

Begge landsbyane er nemnde i skriveria til vestlege reisande i det osmanske Palestina in på 1800-talet. Andrew Alexander Bonar og Robert Murray M'Cheyne, som vitja dei på midten av 1800-talet, skildra Sheikh Daud som ein av mange små landsbyar spreidde over ei vakker slette, like utafor vegen, og at han ein gong var ein kristen landsby.[3] V. Guérin, som vitja staden same hundreåret, skildra Danun som ei grend kring grava til Shaykh Danun. Han estimerte folketalet til å vere kring 50. Eit av husa i landsbyen vart skildra som større og betre enn dei andre og skal ha høyrt til ein mektig sjeik.[4]

The Survey of Western Palestine (1881) skildrar Shaykh Danun som ein «liten landsby, bygd av stein og leire, med kring 50 muslimar, på kanten av ei slette,[5] Shaykh Dawud er skildra på liknande vis, men med 70 muslimar, kringsett av oliventre og åkrar.[5]

Sheikh Danun har seinare teke i mot mange nye innbyggjarar, inkludert internt forflytta arabarar frå dei avfolka palestinske landsbyane Al-Ghabisiyya, Amqa, Kuwaykat, Al-Nahr og Umm al-Faraj.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Petersen, 2002, p.281
  2. Getzov, 2008, Sheikh Danon, Esh-Sheikh Dawud Final Report Arkivert 2012-02-22 ved Wayback Machine.
  3. Bonar and M'Cheyne, 1849, p. 315.
  4. Guérin, 1880, pp. 29-30. Cited in Petersen, 2002, p.281-2
  5. 5,0 5,1 Conder and Kitchener, 1881, SWP I, p. 147
  6. Masalha, 2005, p.84

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]