Sheikhupura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sheikhupura
شَيخُوپُورہ‎/شیخاپورا
by
Hiran Minar and Tank.jpg
Hiran Minar
Land Flag of Pakistan.svg Pakistan
Region Panjab
Folketal 280 263 (1998[1])
Wikimedia Commons: Sheikhupura

Sheikhupura er ein by i Panjab i Pakistan. Han ligg rundt 4 mil nordvest for Lahore.[2]

Namnet på byen skal koma frå Djahangir av Mogulriket, som blei kalla Sheiku av far sin, Akbar den store.[3] Byen er kjend for Qila Sheikhupura, som skal ha blitt bygd under stormogul Djahangir. Det er sikkert at han bygde tårnet Hiran Minar og ein jaktbustad først på 1600-talet. Både Djahangir og sonen hans, Sjah Djahan, vitja staden fleire gonger.[4]

Inne i festningen finst fleire haveliar (herskapshus) frå sein mogultid og Sikh-riket. Ein av dei som budde her var maharani Datar Kaur som var gift med sikh-maharadjae Ranjit Singh.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]