Sheldon Kurland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sheldon Kurland
Fødd9. juni 1928(1928-06-09)
FødestadBrooklyn, New York
Død6. januar 2010 (81 år)
DødsstadNashville i Tennessee
AliasShelly Kurland
OpphavUSA
SjangerCountry
InstrumentFiolin
Tilknytte artistarShelly Kurland Strings
Verka somMusikar og arrangør

Sheldon «Shelly» Kurland (9. juni 19286. januar 2010) var ein USA-amerikansk fiolinist og musikkarrangør som arbeidde som studiomusikar i Nashville og laga strykearrangement for mange kjende countryartistar, hovudsakleg for produsentar som Chet Atkins og Owen Bradley, som var med å skape «Nashville sound»-retninga innan country. Kurland skal ha delteke på over ti tusen innspelingar, ofte som leiar av ei gruppe kalla Shelly Kurland Strings.[1]

Han arbeidde mellom andre for Crystal Gayle, Ronnie Milsap, Johnny Cash, Neil Young, Waylon Jennings, Willie Nelson, Dolly Parton, George Burns, Jimmy Buffett, Conway Twitty, Eddy Arnold, Amy Grant, Hank Snow, Bobby Bare, Kris Kristofferson, George Hamilton IV og Reba McEntire.[1]

Kurland trekte seg attende frå musikkindustrien i 1980-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Cooper, Peter (January 6, 2010). «Sheldon Kurland – violinist, string arranger – dies at 81». Tennessean.com.