Sheldon Riley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sheldon Riley

Fødd14. mars 1999 (25 år)
FødestadSydney
OpphavAustralia
Aktiv2016–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, låtskrivar

Sheldon Hernandez (fødd 14. mars 1999), betre kjend under artistnamnet Sheldon Riley, er ein australsk songar. Han vart kjend i heimlandet i 2018, då han deltok i den sjuande sesongen av The Voice Australia, og i februar 2022 vann han songtevlinga Eurovision – Australia Decides. Han representerte Australia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino med songen «Not the Same».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hernandez vart fødd i Sydney i 1999 av ein filippinsk far og ei australsk mor.[1] Han har drive med musikk og song sidan han var barn, og som 17-åring i 2016 deltok han i åttande sesongen av australske The X Factor. Han deltok i «Under 22»-kategorien, men vart slegen ut tidleg i tevlinga. Han kom seinare tilbake i programmet, då han vart plukka ut til å vere med i gutegruppa Time and Place saman med tre andre. Time and Place nådde live-framsyningsdelen, men vart slegne ut etter å ha fått færrast røyster frå sjåarane.

I 2018 deltok Hernandez i den sjuande sesongen av australske The Voice, då under artistnamnet Sheldon Riley. I auditionrunden song han «Do You Really Want to Hurt Me» av Culture Club. Alle dei fire dommarane – Boy George, Kelly Rowland, Delta Goodrem og Joe Jonas, snudde seg, og Riley valde til slutt Boy George som mentor. I utslagsrunden song han «Believe» av Cher, og i duellen song han «Diamonds» av Rihanna. Han gjekk vidare til finalerunden, der han opptredde med «Young and Beautiful» av Lana Del Rey og «Sweet Dreams (Are Made of This)» med Boy George. Til slutt enda han på tredjeplass i finalen.

I november 2021 kunngjorde den australske kringkastaren SBS at Riley var ein av deltakarane i Eurovision – Australia Decides 2022, den australske uttakinga til Eurovision Song Contest 2022.[2] Han deltok med songen «Not the Same» og vann tevlinga samanlagt med 100 poeng. Han fekk dimed representere Australia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[3] I Eurovision Song Contest vart han nummer to i den andre semifinalen og enda til slutt opp som nummer 15 av 25 i finalen.[4]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Riley er homofil,[1] og vart diagnostisert med Asperger syndrom som seksåring.[5] Han er kjend for sine flamboyante sceneantrekk, briller og ulike andletsmasker.[6] Han seier han brukar masker for å rette fokus mot talentet sitt, og ikkje mot den han er.[7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2018 – «Fire»
  • 2020 – «More Than I»
  • 2021 – «Left Broken»
  • 2021 – «Again»
  • 2022 – «Not the Same»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Sheldon Riley of The Voice Australia: 'I get to be the person I've always wanted to be'». SBS Your Language (på engelsk). Henta 26. februar 2022. 
  2. Granger, Anthony (26. november 2021). «🇦🇺 Australia: Three More Artists for Eurovision Australia Decides 2022 Revealed». Eurovoix (på engelsk). Henta 26. februar 2022. 
  3. «Australia Decides: it's Sheldon Riley to Eurovision! 🇦🇺». Eurovision.tv (på engelsk). 26. februar 2022. Henta 26. februar 2022. 
  4. «Sheldon Riley - Australia - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. mai 2022. 
  5. «Sheldon Riley heads to Eurovision with 'Not the Same'». OUTInPerth | LGBTQIA+ News and Culture. 26. februar 2022. Henta 26. februar 2022. 
  6. «Lady Gaga's Mask Maker Teams Up With Aussie Singer Sheldon Riley For New Project». Hit Network (på engelsk). Henta 26. februar 2022. 
  7. Storey, Katie (10. juni 2019). «The Voice's Sheldon reveals why he wore a mask during his audition». Mail Online. Henta 26. februar 2022.