Shelly-Ann Fraser-Pryce
Shelly-Ann Fraser-Pryce | |
![]() Shelly-Ann Fraser-Pryce under VM i Moskva 2013 | |
Fødd | 27. desember 1986 Kingston på Jamaica |
Yrke | sprinter, friidrettsutøvar |
Shelly-Ann Fraser-Pryce på Commons |
Shelly-Ann Fraser-Pryce (fødd Shelly-Ann Fraser, 27. desember 1986) er ein jamaicansk sprintar og olympisk meister som spesialiserer seg på 100 meter og 200 meter og på 4 x 100 meter stafett.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Shelly-Ann Fraser deltok for fyrste gong i VM under VM i friidrett 2007 i Osaka. Her tok ho sølv med det jamaicanske stafettlaget, sjølv om ho ikkje deltok i sjølve stafettfinalen.
Sommar-OL 2008 i Beijing vart ein imponerande OL-debut av Fraser. Ho sprang til gull på 100 meter sprint med tida 10,78 framfor to andre landskvinner på delt sølvmedaljeplass; Sherone Simpson og Kerron Stewart. Fraser vart fyrste jamaicanske kvinne som vann olympisk gull på denne distansen nokonsinne. Ho deltok også på stafettlaget under desse leikane.
Under VM i friidrett 2009 i Berlin vart Fraser verdsmeister på 100 meter med tida 10,73; ny jamaicansk rekord. På plassane bak henne kom Kerron Stewart og Carmelita Jeter, sistnemnte frå USA. Saman med Simone Facey, Aleen Bailey og Kerron Stewart tok Fraser også gull på 4 x 100 meter stafett med tida 42,06.
Fraser-Pryce deltok også på VM i friidrett 2011 i Daegu. Stafettlaget med henne og m.a. Veronica Campbell-Brown tok sølv bak USA. Det heldt ikkje til medalje på 100 meter sprint for Fraser-Pryce, der enda ho på fjerdeplass.
Shelly-Ann Fraser-Pryce deltok for Jamaica under sommar-OL 2012 i London. Her forsvarte ho tittelen som olympisk meister på 100 meter sprint på 10,75. På 200 meter tok ho sølv bak Allyson Felix frå USA.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Shelly-Ann Fraser-Pryce» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2012.