Shelly Fairchild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shelly Fairchild
Fødd23. august 1977 (42 år)
FødestadClinton i Mississippi i USA
OpphavUSA
Aktiv2004 til i dag
SjangerCountry
Instrumentvokal
PlateselskapColumbia Nashville
Verka somSongar-låtskrivar

Shelly Fairchild (fødd 23. august 1977) er ein USA-amerikansk songar.

Ho gav ut debutalbumet sitt, Ride tidleg i 2005. Denne inneheldt singelen «You Don't Lie Here Anymore», som nådde 35. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks (no Hot Country Songs) og er den einaste singelen ho har hatt på lista.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Shelly Fairchild var fødd i Clinton i Mississippi i ein musikalsk familie.[1] Ho byrja å spele i tidleg alder i kyrkja og seinare i kor på skulen. Fairchild studerte kommunikasjon, teater og musikk ved Mississippi College og spelte i lokale musikalar som Grease og Always Patsy Cline. Ho reiste og med det nasjonale turnéselskapet for Beehive: The 60's Musical.[1]

I 2004 fekk Fairchild kontrakt med Columbia Records.[1] Debutalbumet Ride, kom ut tidleg i 2005. Ho turnerte med albumet som oppvarmingsartist for Rascal Flatts.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Title Albumdetaljar Listeplassering
US Country

[2]

US

[2]

US Heat

[2]

Ride 31 162 6
Ruby's Money
  • Utgjeve: 26. april 2011
  • Selskap: Revelation Nation
- - -

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering Album
US Country

[3]

2004 «You Don't Lie Here Anymore» 35 Ride
2005 «Tiny Town»
«Kiss Me»
2008 «It's All Gonna Work Out» We Are Enterprise
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Leggett, Steve. «Shelly Fairchild biography». Allmusic. Henta 17. oktober 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «allmusic ((( Shelly Fairchild > Charts & Awards > Billboard Album )))». Allmusic. Henta 3. september 2010. 
  3. «allmusic ((( Shelly Fairchild > Charts & Awards > Billboard Singlar )))». Allmusic. Henta 3. september 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]