Shelterdekk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit shelterdekk er eit skipsdekk som ligg over hovuddekket til skipet. Opphavleg hadde det som føremål å verne mot vêr og vind og shelter kjem frå det engelske ordet for «ly» eller «vern». Det har som regel dårlegare styrke enn resten av skipet og er ikkje nødvendigvis heilt lukka.

Skipstypen shelterdekkar er eit lasteskip med to dekk. Shelterdekket inngår då ikkje i bruttotonnasjen til skipet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«shelterdekk» i Store norske leksikon, snl.no.