Shenzhen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shenzhen
Motorveg i Shenzhen om natta.
Motorveg i Shenzhen om natta.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Guangdong
Geografi
Flatevidd
 - By

2,050 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)

8,912,300
Koordinatar 22°33′″N 114°06′″EKoordinatar: 22°33′″N 114°06′″E
Høgd over havet 25 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 755
Bilnummer B
Heimeside: http://sz.gov.cn

Shenzhen er ein kinesisk storby i provinsen Guangdong ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Byen ligg tett opp mot Hongkong. Eit overslag over folketalet innanfor bygrensene var i (2009) 8.9 millionar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har vore busetnad i området i 6000 år. Shenzhens historie blir inndelt i fire periodar.

  1. Baiyue-stammane (forhistorisk tid til 1573): Under Xia- og Shang-dynastia var Shenzhen ein tilhaldsstad for baiyue-stammane, som var sjøfarande folk. Dei som budde her var kalla nanyue, ei sørleg gruppe av hiyue-folket. Dei livnærte seg for det meste av fiske.
  2. Eige «fylke» (1573 - 1841): I 1573 vart det organisert eit fylke kalla Xinan i det området som i dag er Shenzhen og Hongkong. Dette var ein del av militærområdet Dongguan. Fylkeshovudstaden var i Nantou. Salt, te, krydder og ris vart berande for økonomien i fylket.
  3. Territorielle konsesjonar til Storbritannia (1842 - 1898): Nanjingtraktaten som vart påtvinga kinesarane av britane vart underteikna den 24. juli 1842. Traktaten legitimerte den britiske overtakinga av Hongkongøya sør i Xinan fylke. Den 11. januar 1890 vart og Kowloon-halvøya avstått til Storbritannia (Pekingkonvensjonen), og den 21. april 1898 vart Qing-dynastiet tvinga til å leige ut det såkalla New Territories til Storbritannia for ein periode på 99 år. Dette området kosta Xinan ytterlegare 1.055,61 km2 av totalt 3.076 km2. I 1913 fekk Xinan fylke det nye namnet Bao'an fylke, for å hindre forveksling med fylket Xin'an i provinsen Henan.
  4. Grunnlegginga av Shenzhen (1979). I mars 1979 vart Bao'an fylke omgjort til byen Shenzhen. I 1980 vart byen utpeika som «spesiell økonomisk sone».
    Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.