Sher Shah Suri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sher Shah Suri
Sher Shah Suri by Breshna.jpg
Fødd1486
FødestadSasaram
Død22. mai 1545
DødsstadKalinjar Fort
GravstadTomb of Sher Shah Suri, Sasaram
DynastiSur
FarHasan Shah Suri
BornIslam Shah Suri

Sher Shah Suri eller Sher Shah, nokre gonger Sher Khan (fødd 1472 eller 1486 som Farid Khan, død 22. mai 1545) var indisk stormogul frå 1540. Han grunnla det kortvarige Suririket, med hovudstad i Sasaram i dagens Bihar. Han introduserte også rupi som valuta.[1] Etter at han døydde ved ei ulukke i 1545 blei han etterfølgd av sonen Islam Shah.[2][3][4][5][6][7]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Han var son av Hassan Khan Sur, som var fyrste i Sasaram i Bihar. Namnet Sher Shah ('Tigerherren') fekk han av nizamen av Bihar, som han var i teneste hjå frå ein ung alder. Dette skal ha kome av at han som ung mann drap ein tiger som plutseleg hoppa på hersakren av Bihar.[7][8] Under stormogulen Babur var Sher Shah sjølv nizam i dette området.

Etter at Babur døydde i 1530 erklærte Sher Shah seg sjølvstendig frå mogulriket. Samtidig auka rivaliseringa med sonen til den tidlegare nizamen, som Sher Shah hadde tent, og han blei til slutt angripen av denne sonen i koalisjon med nawaben av Bengal. Dei to herskarane blei overvunne av Sher Shah i slaget ved Surajgarh i 1534. Etter ytterlegare vekst i makt og prestishe overvann Sher Shah til slutt den samla hæren til stormogul Humajun i 1540, og tok over heile riket.

Sher Shah var ein dugeleg administrator, såvel som ein dyktig militær leiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mughal Coinage». Arkivert frå originalen 5. oktober 2002. Sher Shah issued a coin of silver which was termed the Rupiya. This weighed 178 grains and was the precursor of the modern rupee. It remained largely unchanged till the early 20th Century 
  2. «Shēr Shah of Sūr». Encyclopædia Britannica. Henta 23. august 2010. 
  3. Chaurasia, Radhey Shyam (2002). History of medieval India: from 1000 A.D. to 1707 A.D. Crabtree Publishing Company. s. 179. ISBN 978-81-269-0123-4. Henta 23. august 2010. 
  4. Schimmel, Annemarie; Burzine K. Waghmar (2004). The empire of the great Mughals: history, art and culture. Reaktion Books. s. 28. ISBN 978-1-86189-185-3. Henta 23 August 2010. 
  5. Singh, Sarina; Lindsay Brown; Paul Clammer; Rodney Cocks; John Mock (2008). Pakistan & the Karakoram Highway (7th utg.). Lonely Planet. s. 137. ISBN 978-1-74104-542-0. Henta 23. august 2010. 
  6. Greenberger, Robert (2003). A Historical Atlas of Pakistan. The Rosen Publishing Group. s. 28. ISBN 978-0-8239-3866-7. Henta 23. august 2010. 
  7. 7,0 7,1 Lane-Poole, Stanley (2007) [First published 1903]. Medieval India: under Mohammedan rule (A.D. 712-1764). Sang-e-Meel Publications. s. 236. ISBN 978-969-35-2052-1. 
  8. «Sur Dynasty». Encyclopædia Britannica. Henta 5 December 2015. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dr. Hussain Khan, Sher Shah Suri 1539-1545, Lahore, Pakistan.