Hopp til innhald

Sherpatrappa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sherpatrappa

StadTromsø kommune
Kart
Sherpatrappa
69°38′15″N 18°59′59″E / 69.6375°N 18.999722222222°E / 69.6375; 18.999722222222
Sherpatrappa frå Aksla
Foto: Harald Groven

Sherpatrappa er ei steintrapp i Tromsdalen. Trappa ligg i eit av dei mest populære turområda i Tromsø og går frå ein sti 0,7 km søraust for Ishavskatedralen som fører opp til Fjellheisen (420 moh.).

Sherpatrappa i Tromsø går i traséen til Akslastien, som går i sikksakk opp langs hjørnet av fjellet der Tromsdalen møter Tromsøysundet. Stien startar i Fløyvegen (85 moh.) og endar på platået nedanfor Fjellheisen. Sjølve trappa byrjar på høgda Lilleaksla og endar i bratthenget ved ei radiomast på fjellplatået ved Fjellheisen.

Trappa vart bygd av nepalske sherpaer frå Khunde Village, eit avsidesliggjande område i nærleiken av Mount Everest.[1][2] I 2016 vart det bygd 315 trinn og i 2017 607 trinn. I 2018 hadde trappa til saman 922 trinn, og ved fullføringa i 2019 var det 1203 trinn.[3][4]

Steinen er henta frå Skibotn og flogen opp med helikopter, men det er òg brukt lokal kalkstein. Målet med å byggje Sherpatrappa var å minke erosjon og slitasje på stien og ta betre vare på natur og vegetasjon. Bygginga vart finansiert av kommunen (4 mill. kr) og spelemidlar via fylkeskommunen (1,4 mill. kr).

  1. ↑ Yngve Olsen Sæbbe (5. juni 2016). «Steintøff jobb». Arkivert frå originalen 28. september 2017.
  2. ↑ «Norske fjellstier bygges i rekordfart av sherpaer fra Nepal». www.visitnorway.no (på norsk). Arkivert frå originalen 9. oktober 2018. Henta 11. august 2019.
  3. ↑ «Kongen av Ekstremløpet, Eirik Haugsnes, vant igjen». www.kondis.no (på norsk). 23. august 2020. Henta 8. juli 2021.
  4. ↑ «Nå tar sherpaene farvel med Tromsø - Tromsø kommune». www.tromso.kommune.no (på norsk). Henta 1. oktober 2017.[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sherpatrappa