Shetlandsøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shetland
Sealtainn
Flag of Shetland.svg
Wfm shetland no map.png
Geografi
Areal
1 466 km²
Administrasjonsstad
Lerwick
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

22 000
15 /km²
Satellittbilde av Shetlandsøyane. Kjelde: NASA.
Dei hardføre shetlandsponniane får lengre hår om vinteren.

Shetlandsøyane er ei øygruppe på 32 øyar nord for Skottland. Øyane kan verta omtala berre som «Shetland» eller «Zetland», det norrøne namnet var Hjaltland. Shetlandsøyane ligg mellom Orknøyane og Færøyane, med eit samla areal på 1466 km². Det administrative senteret er Lerwick (som er ein engelsk versjon av det gamle namnet Leirvik), som ligg på hovudøya Shetland Mainland med ferjesamband til Orknøyane og Skottland.

Shetland er òg ein av 32 regionar i Skottland og eit tidlegare grevskap.


Geografi og naturtilhøve[endre | endre wikiteksten]

Klipper ved Eshaness i nordlege Mainland

Shetland strekker seg frå 59'51°N til 61°N og '45°V til 1'45°V. Den nordlegaste øya Unst ligg på linje med Anchorage i Alaska, Bergen, St. Petersburg i Russland og den sørlege delen av Grønland. Frå hovudstaden Lerwick er det kortare avstand til polarsirkelen enn til hovudstaden i Storbritannia, London. Det er også kortare veg til jarnbana i Bergen enn jarnbana i Aberdeen. Frå nord til sør på Shetland er det 150 km og frå aust til vest er det 75 km. Kystlinja er på 1450 km.

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Sentrale og vestlege Mainland er prega av sund, innsjøar og tradisjonelle smågardar. Langs kysten ligg landsbyane Whiteness, Weisdale, Aith og Walls. I denne delen av Shetland ligg Tingwalldalen som i den norske perioden var sete for eit årleg parlament kalla Allting, som vart halde på Lawting Holm i innsjøen Tingwall Loch. Kystlinja nord på Mainland er prega av takkete, svarte klipper, steinhaugar, skjer og blåsehol. Den smale halvøya som strekker seg 40 km sør frå Lerwick er kjent som sørlege Mainland. Landskapet er prega av sjøfuglkoloniar, og området har ein stor konsentrasjon av arkeologiske funnstader.

Øya Yell er prega av forblåste heier. Unst er den nordlegaste folkesette øya i Dei britiske øyane og har store klipper, lyngheier og ferskvassjøar, og ein subarktisk steinørken. Hermaness naturreservat ligg på denne øya.

Fetlar er kjent som Shetlands hage. Namnet kjem truleg frå norrønt og tyder Fettland på grunn av dei fruktbare beita og det gode, dyrkbare landet.

Øya Noss, som ligg på austsida av Bressay, er eit nasjonalt naturreservat og har store sjøfuglkoloniar om somrane.

Foula, som tyder fugleøya på norrønt, har vorte utpeikt som eit særskild verneområde for fuglar og har den største samlinga av storjo i verda. Klippene på Foula er dei høgaste på Shetland med høgder på opp til 360 meter.

Den mest fjerntliggande av Shetlandsøyane, Fair Isle, (Fridarey - Fredsøya) er kjent for sine strikkeprodukt og for sine store sjøfuglkoloniar med sjeldne trekkfuglar kvar vår og haust.

Landskapet på Out Skerries er forrivne klipper, steinhaugar, bukter og strender. Papa Stour ligg vest for Mainland og har same landskap som Out Skerries.

Whalsay (Kvaløya) var eit fiskarsentrum før, og er det framleis. Det har budd menneske her i meir enn 4000 år, og det er mange viktige restar etter dei spreidd over øya, inkludert "Standing Stones" (megalittiske monument).

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Kart over Shetland

Øygruppa består av omkring 100 øyar og holmar, der berre 15 er busette og Mainland den mest folkerike.

Andre busette øyar i hovudøygruppa
Busette øyar utanfor hovudøygruppa
Nokre folketomme øyar

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sandtombolo mellom Mainland og St. Ninian's Isle

Shetland har eit temperert atlanterhavsklima, som medfører at somrane som regel er yre, lyse og kjølige. Dei mest solfylte månadene er perioden frå april til august, og har på det meste 19 timar med sollys i løpet av eit døgn. Vintrane er mørke og milde, og talet på soltimar per dag er under seks.

Normal årleg nedbør er 1037 mm, som er halvparten av Fort William på vestkysten av Skottland. 3/4 av nedbøren kjem om vinteren. Den tørraste perioden er frå april til august, og skodde er vanleg på austkysten av Mainland om sommaren.

Gjennomsnittstemperatur i kaldaste månad[1] 4,9 °C (februar)
Gjennomsnittstemperatur i varmaste månad 14 °C (august)
Dagar i året med kuldegrader 33 dagar
Årleg nedbør 1037 mm
Dagar i året med snøfall 70 dagar
Nedbørdøgn i året 269 døgn

Klimatabell for Lerwick:

Måned Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Maks. temperatur °C 4 4 6 9 12 13 15 15 12 10 7 5 9,3
Min. temperatur °C 1 0 1 3 5 7 9 9 7 5 2 1 4,1
Soltimar per dag 1 2 3 4 5 6 6 5 4 2 1 0 3,2
Regndøgn per månad 22 19 16 15 14 15 16 17 18 20 23 21 216
Havtemperatur °C 5 5 5 6 7 9 11 12 11 10 8 6 8

Flora[endre | endre wikiteksten]

Myrull.

Landskapet på Shetland er prega av får som beitar og få tre. Plantelivet på Shetland er prega av arktisk-alpine planter, villblomar, bladmoser og lav. Landskapet på nordlege Mainland og Unst er prega av fjellmark, der vegetasjonen er sparsam og dominert av stein. Plantene som veks her er som regel arktiske og nokre er stadeigne, slik som Cerastium nigrescens var. nigrescens.

Rundt halvparten av Shetland er dekt av torv, nokre stader opp til over ein meter tjukk. Desse områda er som regel våtmark og manglar næringsstoff, slik at berre eit fåtal planteartar har vekstgrunnlag. Døme på slike planter er myrull, rome, blåfjør og tepperot.

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Shetland har nokre av dei største fuglekoloniane i Nord-Atlanteren og over ein million fuglar som består av 21 sjøfuglarter hekkar i øygruppa kvar sommar. Dei fleste held til i store koloniar på Hermaness, Foula, Mousa, Noss, Sumburgh Head og Fair Isle. Nokre av fuglane er havsule (54 000), lomvi (175 000), lundefugl (200 000), havhest (360 000), stormsvale, vipe og gjerdesmett. Mange arktiske fuglar overvintrar på Shetland, mellom anna songsvane og islom.

Havhesten er den mest vanlege fuglen på Shetland.

Det er store koloniar av havsule, lundefugl og andre alkefuglar på Noss og Hermaness og nokre mindre på Foula og Fair Isle. Mange av den aggressive fuglen storjo og eit mindre tal av tjuvjo hekkar på Hermaness og Foula. Bestanden av raudnebbterne har i dei seinare åra gått ned, men når fuglane kjem, reknar øybuarane det som eit signal om at sommaren er komen.

Andre vanlege fuglar er måse, ærfugl og skarv, men desse bestandane er små i forhold til havhestbestanden på 360 000. Stormsvale hekkar i store koloniar på Mousa.

Etter at hekkesesongen er avslutta, vert fuglekoloniane tomme, ternene dreg sørover, medan alkene og svalene dreg til havs.

Sjøfuglbestanden har i dei seinare åra auka både i talet på individ og talet på artar, som til dømes havsule, havhest, storjo og alkefuglar. Nokre arter har likevel gått tilbake, som til dømes terner og krykkje.

Alle landpattedyra på Shetland er introdusert av mennesket. Ein reknar med at oter, skogmus og husmus kom til øyane med dei første norske busetjarane. Alle andre landpattedyr, utanom brunrotte er innført i løpet av dei siste hundreåra.

Kval er eit vanleg syn langs kysten med nise som den mest vanlege arten. Større kvalar ser ein ved ytterkanten av kontinentalsokkelen og desse kan komme inn mot land om sommaren, særleg ved Sumburgh Head. Dei mest vanlege artane av større kvalar er vågekval og knølkval som følgjer straumen av makrell og sild. Delfinar av typen kvitskjeving (Lagenorhynchus acutus), kvitnos (Lagenorhynchus albirostris), rissodelfin (Grampus griseus) er ofte sett langs austkysten, samt at fleire flokkar av spekkhoggarar har fast tilhald rundt øygruppa.

Steinkobbe er eit av tre pattedyr som føder på Shetland.

Otrane held for det meste til på folketomme stader og bestanden utgjer 800 individ. Strendene på Shetland og dei skjerma sunda er tilfluktsstader for både gråsel og steinkobbe. Selbestanden er på 3500 gråsel og 6200 steinkobbe. Dei største koloniane for steinkobbe er på Mousa og utanfor Lerwick, medan gråselen held til på folketomme øyar der den største kolonien er på Ve Skerries. Saman med niser er selane dei einaste sjøpattedyra som føder på Shetland. I tillegg har Shetland den største bestanden av oter i Storbritannia, der dei fleste held til på Yell.

Shetland har fleire stadeigne og sjeldne rasar, slik som shetlandsponni, shetlandsku, shetlandsgås, shetlandsand og shetlandssau. Bestanden av shetlandssau utgjer over 330 000 og finst i 50 fargevariasjonar.

Sølvfisk finst langs kysten, spesielt ved dei mange skipsvraka ved Shetland. I tillegg er det delfinar og spekkhoggarar langs kysten, spesielt på sørspissen av Mainland.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

To damer med shetlandsponni. Biletet er teken i 1900 på Shetland

Shetland hadde ein folkesetnad før piktarane kom til øyane, men det er lite ein veit om denne folkegruppa. Historiske, arkeologiske og lingvistiske forhold, samt stadnamn, indikerer ein sterk norrøn kulturell dominans på øyane under vikingtida [2]. Det er ukjent om piktarane vart tekne opp i den norrøne folkesetnaden eller drivne bort. Nokre få stadnamn kan ha piktarisk opphav, men dette er omstridd. Fleire genetiske undersøkingar er gjort på dagens folkesetnad for å søkja å finna ut opphavet deira. Øyfolket har tilnærma identiske delar av skandinaviske mannlege og kvinnelege genar (44%), noko som tyder på at øyane vart folkesett av både skandinaviske menn og kvinner. Desse funna gjeld òg for Orknøyane og den nordlege og vestlege kystlinja i Skottland. Stader på dei britiske øyane som ligg lengre frå Skandinavia enn Shetland og Orknøyane viser teikn til å vere kolonisert av skandinaviske menn som stifta familie med lokale kvinner.[3]

Etter at Shetland vart overført til Skottland emigrerte tusenvis av skotske familiar til øyane på 1500- og 1600-talet. Kontakt med tyskarar og nederlendarar gjennom fiskehandelen førte til ein mindre immigrasjon frå desse landa. Den andre verdskrigen og funn av olje har òg ført til auke i folketalet på grunn av immigrasjon.[4]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folkeveksten på Shetland har i tidlegare tider vorte påverka av dødsfall på sjøen og epidemiar. Kopper råka øygruppa hardt på 1600- og 1700-talet. Men etter at vaksinering vart utbreidd etter 1760, auke folketalet til 40 000 i 1861. Folkeauken førte til mangel på mat og mange unge menn drog ut for å tenestegjere i den britiske handelsflåten. 100 år seinare var folkesetnaden på øyane meir enn halvert. Folketalsnedgangen skuldast at mange av dei mannlege innbyggjarane på Shetland omkom i torpederte handelsfartøy under dei to verdskrigane og at mange utvandra på 1920- og 1930-talet. Det er no fleire med shetlandsk bakgrunn som bur i Canada, Australia og New Zealand enn på Shetland.

Distrikt Folkesetnad 1961 Folkesetnad 1971 Folkesetnad 1981 Folkesetnad 1991 Folkesetnad 2001
Bound Skerry (& Grunay) 3 3 0 0 0
Bressay 269 248 334 352 384
Bruray 34 35 33 27 26
East Burra 92 64 78 72 66
Fair Isle 64 65 58 67 69
Fetlar 127 88 101 90 86
Foula 54 33 39 40 31
Housay 71 63 49 58 50
Mainland 13 282 12 944 17 722 17 562 17 550
Muckle Flugga 3 3 0 0 0
Muckle Roe 103 94 99 115 104
Noss 0 3 0 0 0
Papa Stour 55 24 33 33 25
Trondra 20 17 93 117 133
Unst 1 148 1 124 1 140 1 055 720
Vaila 9 5 0 1 2
West Burra 561 501 767 817 753
Whalsay 764 870 1031 1041 1034
Yell 1155 1143 1191 1075 957
Totalt 17 814 17 327 22 768 22 522 21 990

Kjelde: Scottishislands.org.uk, 18. november 2006

Busetnadsmønster[endre | endre wikiteksten]

På den austlege delen av hovudøya Mainland ligg den einaste byen i øygruppa, Lerwick. Åtte kilometer vest for Lerwick ligg den gamle hovudstaden på Shetland, Scalloway, som er dominert av det gamle slottet med same namn. Fem kilometer sør for Scalloway ligg fiskarlandsbyen Hamnavoe.

På den vestlege delen av Mainland ligg tettstadane Walls, Sandness, Sandwick, Aith og Voe. På den nordaustlege delen av Mainland ligg tettstaden Vidlin.

På øya Unst ligg tettstadane Haroldswick, Baltasound og Uyeasound.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Lokalstyre[endre | endre wikiteksten]

Shetland vert administrert av Shetland Islands Council (SIC), som mellom anna har ansvaret for miljø, vegar, sosialtenester, renovasjon, brannvesen og hamnevesen. SIC har rett til å krevje inn council tax. SIC består av 22 folkevalte. Dagens råd er sett saman av 19 menn og 3 kvinner.

Shetland vart frå 2007 delt opp i sju valkrinsar, mot tidlegare 22. Hovudøygruppa er delt inn i fire valkrinsar (Nord-, Sør-, Vest og Aust-Shetland) der alle har tre mandat kvar, i tillegg er hovudstaden delt inn i to valkrinsar med totalt sju mandat. Den siste valkrinsen består av øyane som ikkje ligg i hovudøygruppa, denne har òg tre mandat.

Kostnadane til SIC, som omfattar alle kostnadane til offentlege tenester på Shetland, var for året 2005/2006 £ 182 millionar. Inntektene frå avgifter, council tax og overføringar frå Scottish Executive utgjorde £ 130 millionar. Skilnaden på £ 52 millionar vart dekt opp av avkasting og overføringar frå ulike oljefond på Shetland.

Dei største kostnadene er knytt til utdanning, sosial- og omsorgstenester, vegar og transport og drift av oljeterminalhamna i Sullom Voe.

31. mars 2006 var oljefondet til Shetland på £ 292 millionar, tilsvarande £ 13 000 per innbyggjar (163 000 kroner per innbyggjar). Den økonomiske retningslinja til rådet er at fondet aldri skal kome under £ 250 millionar. Oljeinntektene har bl.a. ført til at mange lokalsamfunn på øyane har nye og velutstyrte "leisure centers", dvs bygg med symjebasseng, lokale for scenekunst og andre aktivitetar.

Rettsvesen[endre | endre wikiteksten]

Side frå Magnus Lagabøte si landslov. Eksemplar frå ca.1590. Med løyve frå Riksarkivet.

Det er meir enn 500 år sidan Orknøyane og Shetland vart overført frå norsk til skotsk herredøme, men øyane er framleis prega av ei norrøn odelslovgjeving, Udal law, som kan førast heilt attende til 1200-talet eller før [5]. Historisk forsking har vist at Udal law har opphavet sitt i sedvanar og rettsreglar som kan førast tilbake til Gulatingslova og den norske kongen Magnus Lagabøte si landslov frå 1200-talet.

Først i 1611 vart Udal law for det meste avskaffa og erstatta med den skotske lovgjevnaden. Dei norrøne lovene som regulerte eigedomsretten til jord har etterlate seg spor heilt opp til våre dagar, mellom anna ved at eigedomsretten til strandlinja og strandsona er regulert annleis på Orknøyane og Shetland enn i resten av Storbritannia. I Storbritannia gjeld prinsippet om at området mellom høg- og lågvatn høyrer til staten eller krona, men tidleg på 1900-talet fastslo skotske høgsterett at i Shetland høyrer dette området til den tilgrensande grunneigaren [6].

På midten av 1970-talet skulle oljeselskapet Occidental Petroleum bygge ei oljerøyrleidning til Flotta og hadde betalt for rettane til bygging av oljerøyrleidninga til Crown Estate. Grunneigarane tok saka til retten og vann denne med vising til Udal law [7].

Den norrøne lovgjevnaden vart siste gang trekt opp til skotsk høgsterett i 1990, etter ein strid om eigedomsretten til havbotn i samband med den voksande oppdrettsnæringa. I denne saka tapte oppdrettsnæringa, då høgsteretten meinte at den skotske suvereniteten i dette tilfellet hadde forrang føre Udal Law.

Eigaren av Forewick Holm, Stuart Hill, hevdar at Skottland aldri har hatt formell rett til å ta over øyane og innføra skotsk lov. Han har derfor erklært holmen sin for sjølvstendig for å setja fokus på dette kravet.

Skotsk lov, som i dag er lova på Shetland, er eit system med røter både i oldtida og i romersk lov og kombinerer eigenskapar frå ei borgarlov som vert datert tilbake til Corpus Juris Civilis og allmenn lov som har kjelder i mellomalderen. Vilkåra for Unionstraktaten med England i 1707 garanterte framleis eksistens av eit separat lovsystem i Skottland.

Skotsk lovverk har tre former for domstolar: sivile, kriminal- og heraldiske domstolar. I dei sivile domstolane er høgsteretten (High Court of Justiciary) den øvste og avgjerande kriminaldomstolen. Fylkesdomstolen (Sheriff Court) er hovuddomstolen for sivile og kriminelle rettstvistar. Det er 60 av desse over heile landet og på Shetland er denne lokalisert i Lerwick. Distriktsdomstolar vart introdusert i 1975 for mindre lovbrot. Den heraldiske domstolen (Court of the Lord Lyon) regulerer heraldiske spørsmål i Skottland.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Fly frå Loganair på Fair Isle, ei øy midtvegs mellom Orknøyane og Shetland

Northlink Ferries opererer eit ferjesamband frå Lerwick til Aberdeen på det skotske fastlandet. Hovudflyplassen på Shetland ligg ved Sumburgh, 40 km sør for Lerwick. Loganair flyr under British Airways til det britiske fastlandet sju gonger dagleg. Destinasjonane er Kirkwall, Aberdeen, Inverness, Glasgow og Edinburgh. I sommarmånadane er det òg flygingar til London (Stansted) og Færøyane med det færøyske flyselskapet Atlantic Airways. Tidlegare hadde Widerøe ei sommarrute frå Bergen, men den er lagt ned (2007).

Loganair flyr òg til øyar i øygruppa frå Tingwall flyplass 11 km vest for Lerwick. Destinasjonane er Fair Isle, Foula og Out Skerries.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

På Shetland er det i dag totalt 34 skular, fordelt på to vidaregåande skular, sju ungdomsskular og 25 barneskular. På skulane må elevane bruke skuleuniform og varme måltid vert servert. Barn av foreldre som er økonomisk vanskelegstilte kan søke om å få gratis skuleklede og -mat [8].

I tillegg har alle barn mellom tre og fire år krav på førskuleplass. Førskulen er finansiert av dei lokale styresmaktene og er som regel samlokaliserte med anten ein barne- eller ungdomsskule.

Skuleetaten fekk i 2001 støtte av EU for å starte eit prosjekt saman med Utdanningsdepartementet i Bremen, (Tyskland), Institutt for utdanning i Trieste (Italia) og Ovieda-universitetet i Spania. COSPRAS-prosjektet tar sikte på å få foreldra til å erobre ei meir aktiv rolle for å få til eit betre undervisningstilbod [9]. Hamnavoe barneskule var den første forsøksskulen som starta opp med den nye undervisningsplanen i september 2004 og deltok i prosjektet i tre år [10].

Media[endre | endre wikiteksten]

Shetland har to lokalaviser, Shetland News og Shetland Times. Shetland Times vart grunnlagt i 1872 og kjem ut kvar fredag med eit opplag på 11 273. Shetland News vert berre publisert på internett og vart lansert i 1996. Shetland har òg to lokale radiostasjonar, Radio Shetland og SIBC. Radio Shetland høgrer til BBC og SIBC er ein lokalt eigd radiokanal som starta opp 26. november 1987.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Jakob Jakobsen var ein færøysk språkforskar og sentral i å dokumentere Norn

Det tydelegaste sporet etter norsk kultur på Shetland er språket. Nesten alle stadnamn som framleis er i bruk kan sporast tilbake til gammalnorsk[11]. Folket på øyane snakka lenge sin eigen versjon av norrønt, norn. Språket overlevde fram til 1700-talet i ein modifisert form, då det vart fortrengt av innflyttarar frå Skottland. Norn vart snakka på Shetland i hundrevis av år, men det er ikkje mange skriftlege dokument på norrønt som vi kan vita heilt sikkert er skrivne på Shetland. Derfor er norn litt vanskeleg å utforska og skilja frå andre former av norrønt.

Norn er no eit utdøydd språk, men shetlandsk, dvs den shetlandske varianten av skotsk, inneheld framleis mange ord frå norrønt. I tillegg er låglandsskotsk og engelsk vanlege talemål på øyane i dag.

Døme på Fader vår på norn frå Shetland:

Fy vor or er i Chimeri. Halaght vara nam dit.
La Konungdum din cumma. La vill din vera guerde
i vrildin sinda er i chimeri.
Gav vus dagh u dagloght brau.
Forgive sindor wara
sin vi forgiva gem ao sinda gainst wus.
Lia wus ikè o vera tempa, but delivra wus fro adlu idlu.
For do i ir Kongungdum, u puri, u glori, Amen.

Korleis Hjaltland vart til Shetland[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege namnet for Shetland var Hjaltland. Namnet er eit samanlikningsnamn, forma på øygruppa minner om eit hjalt, handtaket på eit sverd eller tverrstanga mellom handtaket og sjølve sverdet. Først gjekk ja over til je som i norrønt hjalpa, no hjelpa. Så vart lydsambandet hj- uttalt sj-. Jamfør at ordet hjå (bokmål: «hos») vert uttalt sjå i nokre dialektar og at Hjerkinn heter Sjerkjinn. Til sist fall l-en bort før t-en [12].

Flagg[endre | endre wikiteksten]

Shetlands flagg

Roy Grönneberg stifta den lokale avdelinga av SNP (Scottish National Party) i 1966 og var aktiv i kampen for auka autonomi for Shetland. I 1969 utforma han flagget til Shetland saman med Bill Adams, for å markere 500-årsdagen for overføringa av Shetland frå Noreg til Skottland [13].

Bakgrunnen for utforminga til flagget var ønsket om å vise at Shetland har vore ein del av Noreg i 500 år og ein del av Skottland i 500 år. Fargane til flagget er identiske med det skotske flagg, men utforminga er som ein nordisk kross. Flagget til Shetland er identisk med det tidlegare uoffisielle flagget til Island (hvítbláinn), som vart nytta av islandske nasjonalistar frå 1890-åra til tida omkring den første verdskrigen.

I 1975 vart Shetlands to lokale styresmakter, Lerwick Town Council og Zetland County Council, slått saman til Shetland Islands Council. Grönneberg ønskte at flaggforslaget hans skulle verte det offisielle flagget til Shetland, men vann ikkje fram. Heller ikkje ei folkeavstemming i 1985 førte fram. Flagget vart anerkjent som offisielt flagg av Lord Lyon i «The heraldic authority of Skottland» i byrjinga av 2005.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

85% av fangsten (67 000 tonn) på Shetland er sild og makrell og utgjer 52% av fangstverdien. Hyse, torsk og breiflabb oppnår høgare prisar og utgjer resten av fangstverdien, sjølv om desse fiskesortane utgjer 15% av fangsten. På bilete: makrell.

På grunn av klimaet har Shetland ikkje vore sjølvforsynt med jordbruksvarer, og handel med den råvara øyane har mykje av, fisk, har eksistert til alle tider. Etter tilbakegangen til vikingane kom fire hundreår der Shetland selde den salta fisken sin til omverda via hansakjøpmennene i Bergen, Bremen, Lübeck og Hamburg. Kvar sommar fram til den økonomiske krisa på slutten av 1600-talet henta hanseatane ut skip lasta med salta torsk og lange og tilførte øybuarane kontantar, korn, klede, øl og andre varer i byte. [14]

Før 1971 var næringslivet heilt dominert av dei naturlege, fornybare ressursane til Shetland. Dei viktigaste næringane var fiske og fiskeindustri, småbruk og sauehald, tekstilindustri og husflid, med strikking som dominerande yrke. Kombinasjonsnæringar har ei særs sterk posisjon og vanlegvis er småbruk kjernen i yrkeskombinasjonar. Enkelte kan ha opptil fire til fem ulike inntektskjelder. [15]

Oljeplattform i Nordsjøen

På same tid som det vart funne olje og gass på norsk sokkel, fann ein òg dette aust for Shetland. Austshetlandsbassenget er eit av dei største oljefelta i Europa og olja herifrå vert sendt til oljeterminalen i Sullom Voe (norrønt: Solheimvágr). Sullom Voe-terminalen opna i 1978 og er den største oljeeksporthamna i Storbritannia med eit volum på 25 millionar tonn årleg. Skatteinntektene frå oljeverksemda har ført til auka satsing på sosial velferd, kunst, sport, miljøtiltak og vidare økonomisk utvikling. Tre fjerdedelar av arbeidsstyrken på øygruppa arbeider i servicesektoren. Men sjølv om olje utgjer 15% av økonomien til øygruppa, £ 116 millionar årleg, så genererer fiskeindustrien dobbelt så store inntekter og sysselsetter tre gonger så mange [16].

Hovudnæringsvegane i dag er jordbruk, akvakultur, fiske og petroleumsverksemd. Jordbruket er knytt til saueavl og dyrking av havre og bygg.

Næringslivet er lite variert og det er til dømes ikkje skipsverft eller skipsbyggeri på øygruppa. For større reparasjonar må fiskeflåten gå anten til det britiske fastlandet, Noreg, eller til kontinentet. Berre 10% av fangsten frå felta utanfor Shetland vert tatt opp av shetlendarar. [17]

Frå 1980-talet har arbeidsløysa vore under fem prosent, den var i 2004 to prosent, men prissvingingane i marknaden for oppdrettslaks og kvitfisk fanga av trålarar fører til svingingar i arbeidsløysa frå sesong til sesong.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Shetland har vore busett sidan 3000 f.Kr. Folkesetnaden levde av kveg- og landbruk og bygde megalittiske monument. Omkring år 297 e.Kr. fortel romerske skrifter om det keltiske folkeslaget piktarar, som på 800-talet vart drive bort av vikingane.

På slutten av 800-åra endra vikingane fokus frå plyndring til kolonisering. Endringa skuldast at Noreg byrja å verte overfolka etter målestokken på den tida og tilgangen til ledige naturressursar og dyrkbar jord minka. Skipa deira frakta no i tillegg nybyggjarar og naudsynt utstyr for å starte på nytt ein anna stad. Vikingane drog til Orknøyane, Hjaltland, Island og Grønland og seinare òg til Vinland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet og kolonistane etablerte seg der med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet.

Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som basar, dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

Etter å ha forsvart Hebridane, døyr Håkon IV Håkonsson i Kirkwall same år.
Bilete frå Flateyjarbók

Strid med Noreg[endre | endre wikiteksten]

I 1194 då kong Sverre Sigurdsson var konge i Noreg og Harald Maddadsson var jarl over Orknøyane og Shetland, samla lendmannen Hallkjell Jonsson og svogeren til jarlen, Olav, ein hærstyrke som vart kalla øyskjeggane (eyjarskeggjar) på Orknøyane og segla mot Noreg. Opprøret vart slått ned og Sverre tok jarldømet over Shetland frå Harald jarl og la det direkte under den norske trona. Makta til jarldømet var kraftig svekka og det vart dermed trekt nærare under skotsk påverknad. Skottland låg knappe 16 km unna Orknøyane og Harald Maddadsson kjempa for å bevare sjølvstendet sitt.

Auka skotsk interesse[endre | endre wikiteksten]

Aleksander III av Skottland fylte 21 år i 1262 og vart myndig, erklærte han at han hadde ønske om å halde fram politikken overfor dei vestlege og nordlege øyane som far hans hadde starta, men som hadde stoppa opp då han døydde 13 år tidlegare. Han sendte eit formelt krav til den mektige norske kongen Håkon Håkonsson. Håkons død i 1263 forpurra vidare norsk ekspansjon i Skottland.

Kong Magnus Lagabøte brøyt med ekspansjonspolitikken til faren. Han innleia fredsforhandlingar med kong Aleksander. Ved Perthtraktaten i 1266 oppgav kong Magnus dei mest fjerntliggande norske områda og gav frå seg øya Man i Irskesjøen og Sudreyar (Hebridane) til Skottland for 4000 mark sterling og mot ei årleg avgift på 100 mark (som skottane snart let vere å betale). Som motytingar vart det norske herredømet over Orknøyane og Hjaltland respektert av Skottland. Magnus ville ha fred med Skottland for å imøtekome krav i ein ny handelstraktat med England. I 1223 kravde engelskmennene at Noreg slutta fred med Skottland. I 1269 vart avtalen utvida til gjensidig frihandel.

Kong Kristian I pantsette øyane som betaling av medgift.

I 1397 vart Noreg ein del av Kalmarunionen. Etter kvart kom Noreg under dansk overherredøme. Kong Kristian I var i pengenaud og då dotter hans Margaret i 1468 vart trulova med Jakob III av Skottland trong han pengar til betaling av medgift. Utan at det norske riksrådet viste om det, inngjekk han 8. september 1468 ein kontrakt med skottekongen om pantsetting av Orknøyane for 50 000 rhinske gylden og 28. mai året etter Shetland for 8000 rhinske gylden. For å vere på den sikre sida sørgde han for ein klausul om innløysingshøve for framtidige norske kongar. Fleire kongar av dobbeltriket prøvde i løpet av 1600- og 1700-talet forgjeves å innløyse øyane, men vart kvar gong avvist.

Hansatida[endre | endre wikiteksten]

Etter tilbakegangen til vikingane kom fire hundreår der Shetland selde varene sine til omverda via Hansaen i Bergen, Bremen, Lübeck og Hamburg. Hanseatane henta ut skip lasta med salta torsk og lange og tilførte øybuarane kontantar, korn, klede, øl og andre varer i byte. Denne handelen varte fram til unionsavtalen mellom Skottland og England i 1707 då hansaen ikkje lenger fekk tilgang til å drive handel med Shetland. Som følgje av utestenginga av hanseatane gjekk Shetland inn i ein økonomisk depresjon, då skottane og dei lokale kjøpmennene ikkje var like dyktige i saltfiskhandel. For dei sjølvstendige bøndene på Shetland førte den økonomiske depresjonen til at dei kom inn i ein negativ spiral.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen vart ein norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert av SOE, Norwegian Section hausten 1940 med base i Scalloway på Shetland for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over. Ein del av desse skøytene vart no leigd og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente personen Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen) var skipper for 52 av turane [18].

Shetland i dag[endre | endre wikiteksten]

I same tidsperiode som det vart funne olje og gass på norsk sokkel, fann ein òg dette utanfor Shetland. Austshetlandsbassenget er eit av dei største oljefelta i Europa og olja som vert vunne ut her vert sendt til oljeterminalen i Sullom Voe (norrønt: Solheimavagr). Sullom Voe-terminalen opna i 1978 og er den største oljeeksporthamna i Storbritannia med eit volum på 25 millionar tonn årleg.

Shetland har ein unik folkerettsleg situasjon iogmed historia som pantsett frå Noreg og tatt opp i det skotske territoriet, som no er ein del av Storbritannia. Mange har stilt spørsmål ved kva rettsstilling øyane skal ha under krona og det britiske statsstyret, men den første som verkeleg har sett saka på kartet, er Stuart Hill. Han erklærte 21. juni 2008 den vesle Forewick Holm ved Papa Stour for sjølvstendig [19], ved å visa til den spesielle og uavklarte statusen til øyane. To år seinare, 21. juni 2010, erklærte han og eit tjuetals sympatisørar heile Shetland for sjølvstendig [20].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Shetlandsøyane