Shfela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shfela
region
Shfela-låglandet
Land  Israel
Koordinatar 31°41′30″N 34°52′30″E
Kart
Shfela
31°41′30″ N 34°52′30″ E
Wikimedia Commons: Shephelat Judea

Shfela eller Shephelah (hebraisk הַשְּפֵלָה eller שְׁפֵלַת יְהוּדָה Shfelat Yehuda, «Dei judeiske forberga») er eit lågland sør i det sentrale Israel som strekkjer seg over 10–15 km mellom Hebron-fjellet og kystsletta. Det var ein av regionane som tilhøyrte Juda-stamma i Bibelen. I dag er Shfela stort sett eit landleg område med mange gardar.

Referansar i Bibelen[endre | endre wikiteksten]

Shfela er nemnt i Det gamle testamentet, in Femte Mosebok 1:7 (dalen); Josva 9:1 (dalane); 10:40 (dalen); 11:2, 16 (dalen); 12:8; 15:33; Domarane 1:9; 1. Kongebok 10:27; Jeremia 17:26; 32:44; 33:13; Obadja 1:19; Sakarja 7:7; 1. Krønikebok 27:28; 2. Krønikebok 1:15; 9:27; 26:10; 28:18.[1] Shfela var åstad for mange slag i Bibelen. Under Bar Kokhba-opprøret vart det grave ut tunnelar i åsane, som danna eit utførleg bunkersystem for å kunne slå romarane.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Shfela er ei frodig, bølgjande slette.[1] Ein av dei viktigaste kjenneteikna er åsane som er danna av mergel-dekt, mjuk kalk, i motsetnad til Judeafjella som består av hard kalk og dolomitt. Jordsmonnet i dalen og dei nedre områda har høgt sandinnhald, i tillegg til store område med grøderik jord. Det kan stundom oppstå myrområde i regntida. Dei sørlege delane består av løss, medan områda nord for Ashkelon består av leire.

Shfela ligg 120-450 meter over havet og har eit temperert middelhavsklima til halvtørt klima.

Ei rekkje dalar som går aust til vest, skjer gjennom Shefelah. Frå nord til sør er desse Ayalondalen, Sorekdalen, Elahdalen, Guvrindalen, Lachishdalen og Adorayimdalen. Dei bibelske byane som vart grunnlagd der vakta over dei indre byane og utnytta handelen som passerte gjennom området. Ayalon var hovudvegen til Jerusalem etter Horon.

Det er mange grotter sør i Shfela, og mange av dei er bjølleforma, som dei i Beit Guvrin.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Shfela frå Wikivoyage