Shibaura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shibaura

Skipa10. april 1950
HovudkontorNagano prefektur
LandJapan
Nettstadhttp://www.ihi-shibaura.com/
Ein 1987-modell Shibaura SD5040D

Shibaura er ein japansk traktorprodusent.

Verksemda vart grunnlagd i 1950 som eit samarbeid mellom Toshiba og Ishikawajima Harima Industries (IHI). Selskapet har stort sett basert seg på å lage små hagetraktorar og anna motorisert utstyr, men har også ein del større landbrukstraktorar i området 30-78 HK. Shibaura vart introdusert i Noreg på slutten av 70-talet. Traktorane er lette, sterke og har oftast firehjulstrekk og vart derfor populære til dømes på Vestlandet der det finst mange av dei i bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.