Endringsblinde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Shifting baseline)

Endringsblinde (engelsk shifting baseline syndrome) er ei manglande evne til å oppfatta gradvise endringar fordi ein er blitt van til den nye tilstanden og reknar han som naturleg eller normal.[1][2] Omgrepet blir særleg nytta i samband med økosystem og miljøendringar.[3][4][5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet blei innført av landskapsarkitekten Ian McHarg i manifestet hans Design With Nature frå 1969.[6] Her samanlikna han det moderne kulturlandskapet med det folk hadde levd i i tidlegare tider. Omgrepet blei så utvida til å gjelda for fiskeriressursar av Daniel Pauly i «Anecdotes and the shifting baseline syndrome of fisheries» i 1995.[7] Pauly brukte omgrepet i samband med vurdering av fiskebestandar der forskarar kunne ha problem med å finna den rette grunnlinja (baseline) for storleiken på bestanden (det vil seia kor stor han var før han blei fiska), og dermed vurdera han ut frå ei endra grunnlinje. På liknande vis kan andre store økologiske endringar over tid gje ei endra oppfatting av kva som er normalt.

George Monbiot skreiv i How Did We Get Into This Mess: Politics, Equality, Nature frå 2016 om problemet med beitande sauer i det engelske høglandet der «mange ser det ødelagte, nedbeitede landskapet som naturlig.»[8]

I 2018 skreiv journalisten Kristin Solberg om den svarte skya som ligg over Kairo: «Jeg spurte mange som hadde bodd i Kairo lenge, når den kom, den svarte skyen. Men den kom så gradvis at ingen kunne sette en dato».[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «endringsblindhet» i Det Norske Akademis ordbok
  2. «Har du fokus?», Psykologisk.no (på norsk bokmål), 16. mai 2014, henta 25. januar 2023 
  3. Oma, Peter Øygard (22. januar 2023), «Naturen forsvinner, men vi får det ikke med oss», NRK (på norsk bokmål), henta 25. januar 2023 
  4. «Har vi glemt hva en skog er? – Huldrefortellinger», miljoagentene.no (på engelsk), henta 25. januar 2023 
  5. «Bedre dyrevelferd er nødvendig i oppdrettsnæringen | NVT», nvt.vetnett.no (på norsk), henta 25. januar 2023 
  6. McHarg, Ian (1969). Design With Nature. The Natural History Press. s. 67–70. 
  7. Pauly (1995)
  8. Anders Dunker. «Sheepwrecked» (PDF). s. 23. Arkivert frå originalen (PDF) 6. august 2018. Henta 6. august 2018. 
  9. Kristin Solberg (4. august 2018). «Dagbok fra en gryende dystopi». NRK. Henta 6. august 2018.