Shigeru Miyamoto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shigeru Miyamoto
Shigeru Miyamoto cropped 2 Shigeru Miyamoto 201911.jpg
Fødenamn 宮本 茂,, Miyamoto Shigeru, uttala [mijamoto ɕiɡeɾɯ]
Fødd 16. november 1952 (69 år)
Sonobe
Yrke designar, spelutviklar, kunstnar, videospelprodusent, manusforfattar, informatikar, video game developer, TV-produsent, videokunstner
Shigeru Miyamoto på Commons

Shigeru Miyamoto (fødd 16. november 1952)[1] er ein japansk dataspeldesignar, produsent og kreativt ansvarleg ved Nintendo. Han er skaparen av nokre av dei mest kjende dataspelseriane gjennom tidene, inkludert Super Mario og The Legend of Zelda.

Miyamoto er fødd i Sonobe i Japan og utdanna seg ved kunstuniversitetet i Kanazawa. Han søkte opphavleg ein karriere som mangakunstnar, fram til han utvikla ei interesse for dataspel. Med hjelp frå faren sin, vart han tilsett i Nintendo i 1977 etter å ha imponert den dåverande presidenten Hiroshi Yamauchi med leikene sine.[2] Han vart den fyrste kunstnaren i selskapet og hjelpte å lage kunst for arkadespelet Sheriff,[3] og fekk seinare i oppdrag å utvikle ei ny arkadeeining for selskapet. Dette resulterte etter kvart i 1981-spelet Donkey Kong.

Miyamoto heldt fram med å skape både Super Mario Bros. og The Legend of Zelda, som vart store suksessar for Nintendo Entertainment System (NES). Spela hjelpte Nintendo og NES-konsollen i å dominere konsollmarknaden, særleg etter dataspelkrakket i 1983. Spela hans har vorte flaggskip for alle spelekonsollane frå Nintendo, frå arkademaskinene i 1970-åra fram til i dag. Han leidde programvareavdelinga Nintendo Entertainment Analysis & Development som utvikla mange av dei eigne spela frå selskapet. Som følgje av bortgangen til Nintendo-president Satoru Iwata i juli 2015, tok Miyamoto saman med Genyo Takeda rolla som fungerande president fram til han vart formelt utnemnd til den «kreative karen» i selskapet nokre månader seinare.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Star Fox 64 Player's Guide. Nintendo of America. 1997. s. 116–119. 
  2. "Master of Play" Arkivert 21. februar 2011 ved Wayback Machine. profile i New Yorker, 20. desember 2010
  3. «Iwata asks – Punch Out!». Nintendo. Arkivert frå originalen 11. januar 2010. Henta 28. februar 2010. 
  4. «Notice Regarding Personnel Change of a Representative Director and Role Changes of Directors» (PDF). Nintendo. Arkivert frå originalen (PDF) 14. september 2015. Henta 15. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Shigeru Miyamoto
Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Shigeru Miyamoto