Shine av Natália Kelly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Shine.
«Shine»
Singel av Natália Kelly
frå albumet Natália Kelly
Land Austerrike
Språk Engelsk
Utgjeve 11. januar 2013
Sjanger Pop
Lengd 2:59
Selskap Universal Music Austria
Låtskrivar(ar) Andreas Grass, Nikola Paryla, Alexander Kahr og Natália Kelly

«Shine» (engelsk for Skin) var det austerrikske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på engelsk av Natália Kelly. Songen er skriven av Andreas Grass, Nikola Paryla, Alexander Kahr og Natália Kelly.

Österreich rockt den Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Natália Kelly sendte inn den engelskspråklege songen «Shine» til Österreichischer Rundfunk (ORF) og vart valt ut til å delta i Österreich rockt den Song Contest, den austerrikske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. I finalen vann bidraget og fekk representere Austerrike.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«Shine»
ESC2013 - Austria 04.jpg
Eurovision Song Contest 2013
Land Austerrike
Artist(ar) Natália Kelly
Medverkande Karin Bauer, Regina Mallinger, Birgit Kubica, Harald Baumgartner og Monika Ballwein (støttevokalistar)
Språk Engelsk
Komponist(ar) Andreas Grass, Nikola Paryla og Alexander Kahr
Låtskrivar(ar) Andreas Grass, Nikola Paryla og Natália Kelly
Resultat
Semifinalepoeng 27
Semifinaleplass 14
Finalepoeng X
Finaleplass X
Austerrike i Eurovision Song Contest
«Woki mit deim Popo»
(2012)
«Shine» «Rise Like a Phoenix»
(2014)

I Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige deltok Austerrike i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 og enda på 14. plass med 27 poeng; fire frå Kroatia, Danmark og Irland, tre frå Moldova og Belgia og to frå Kypros, Serbia og Italia og eitt frå Estland, Slovenia og Storbritannia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget femteplass med ei rangering på 6,32 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 15. plass med ei rangering på 12,33. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1] Landet kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 18. mai 2013. På scena hadde Kelly med seg fem støttevokalistar: Karin Bauer, Regina Mallinger, Birgit Kubica, Harald Baumgartner og Monika Ballwein.[2]

Format og sporliste[endre | endre wikiteksten]

Shine (Remix) - EP[3]
  1. «Shine» – 2:59
  2. «Shine (Edit)» – 3:00
  3. «Shine (Redio Remix)» – 3:58
  4. «Shine (SamV Club Remix)» – 5:24

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2013) Plassering
Flagget til Austerrike Ö3 Austria Top 40 26

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Eurovision Song Contest 2013» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 28. mars 2013. 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eurovision Team (28. mai 2013). «Split results of Eurovision 2013 revealed» (engelsk). Henta 1. juni 2013. 
  2. Natália Kelly (7. mai 2013). «MALMÖ 2013 | Facebook». Facebook. Henta 26. mai 2013. 
  3. «iTunes - Musik – „Shine (Remix) - EP“ von Natália Kelly». iTunes. Henta 26. mai 2013.