Shiny Beast (Bat Chain Puller)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shiny Beast (Bat Chain Puller)
Studioalbum av Captain Beefheart og The Magic Band
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1978
Innspelt Juli og august 1978
Studio The Automatt, San Francisco
Sjanger
Lengd 47:20
Selskap Warner Bros.
Produsent
Captain Beefheart og The Magic Band-kronologi 
Bongo Fury
(1975)
Shiny Beast (Bat Chain Puller) Doc at the Radar Station
(1980)


Shiny Beast (Bat Chain Puller) er det tiande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Captain Beefheart og The Magic Band, utgjeve i oktober 1978 av Warner Bros. Records. Albumet kom til som følgje av produksjonvanskane kring innspelingane av Bat Chain Puller, eit album Captain Beefheart spelte inn for DiscReet og Virgin Records i 1976. DiscReet vart skipa av Herb Cohen og Frank Zappa som krangla over produksjonen av dette albumet, fordi Cohen betalte for produksjonen med honorara til Zappa. Captain Beefheart spelte inn eit nytt album kalla Shiny Beast (Bat Chain Puller) fordi Zappa heldt attende masterlydbanda til det originale Bat Chain Puller.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Etter innspelinga av Bongo Fury med Frank Zappa, skipa Don Van Vliet eit nytt Magic Band og byrja å spele inn eit album kalla Bat Chain Puller for DiscReet og Virgin Records.[1][2] Herb Cohen, som var med å skipe DiscReet og var manageren til Zappa, betalte for produksjonen av albumet med inntektene til Zappa, noko som førte til at Zappa enda forretningssamarbeidet med Cohen.[2][3] Cohen og Zappa kravde begge å bli betalt på førehand av Virgin, noko som førte til at Zappa heldt attende masterlydbanda, noko Cohen saksøkte han for.[2][3]

Shiny Beast (Bat Chain Puller) vart spelt inn frå 6. juli til 27. august 1978 i The Automatt i San Francisco. På grunn av søksmålet spelte Van Vliet inn att fire av songane på Bat Chain Puller på ny for Warner Bros.: «The Floppy Boot Stomp», «Bat Chain Puller», «Harry Irene» og «Owed T'Alex». Ein song frå innspelinga av Bat Chain Puller, men som opphavleg ikkje skulle med på dette albumet, «Candle Mambo», vart òg spelt inn på ny for albumet. Det same vart dei eldre, unytta songane «Ice Rose» (frå innspelinga av Strictly Personal og tidlegare kalla «Big Black Baby Shoes») og «Suction Prints» (eit opptak frå Clear Spot kalla «Pompadour Swamp», utan tilknytting til den seinare songen med dette namnet). Fire nye songar fullførte albumet: «You Know You're A Man», «When I See Mommy I Feel Like A Mummy», «Love Lies» og «Tropical Hot Dog Night», sistnemnde basert på eit riff frå Bat Chain Puller-songen «Odd Jobs», som elles ikkje vart spelt inn på ny. Albumet vart fullført med «Apes-Ma», som er same innspeling på begge versjonar, sidan Van Vliet spelte denne inn heime. Versjonar av «Run Paint Run Run» og «The Witch Doctor Life» vart forsøkt under innspelingane, men ikkje nytta. Dei kom ut i ferdig form på albuma Doc at the Radar Station og Ice Cream for Crow.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Musikken på Shiny Beast var ei blanding av forskjellige musikkstilar, med element av pop, opplesingar og eksperimentell musikk.[1] Songen «Bat Chain Puller» var basert på rytmen til vindaugsviskarane til Van Vliet.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[4]
Christgau's Record GuideA[5]
Trouser Pressfavourable[6]

Albumet fekk positive meldingar. Robert Christgau meinte at Shiny Beast var det beste albumet til Van Vliet til no og skreiv «Utan å vere mindre kantete eller tjukke, oppnår dei nye komposisjonane ein flyt verdig Weill eller Monk eller Robert Johnson, og tekstane hans er ikkje like eigenrådige som dei pleidde å vere.»[5]

AllMusic og Ned Raggett rosa òg albumet og skreiv «Shiny Beast er som manna frå himmelen for dei som meinte at Beefheart hadde gått seg vill på dei to album hans for Mercury».[4] Trouser Press kalla det «eit av hans beste».[6]

I boka Spin Alternative Record Guide (1995), vart albumet rangert på 73. plassen på lista over dei 100 beste alternative albuma.[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle spora skrivne av Don Van Vliet utanom «Owed t' Alex», skriven av Don Van Vliet og Herb Bermann.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The Floppy Boot Stomp»3:51
2.«Tropical Hot Dog Night»4:49
3.«Ice Rose»3:38
4.«Harry Irene»3:43
5.«You Know You're a Man»3:14
6.«Bat Chain Puller»5:27
Side to
Nr.TittelLengd
7.«When I See Mommy I Feel Like a Mummy»5:04
8.«Owed t' Alex»4:07
9.«Candle Mambo»3:24
10.«Love Lies»5:03
11.«Suction Prints»4:25
12.«Apes-Ma»0:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Buckley, Peter (2003). The Rough Guide to Rock. Rough Guides. s. 177. ISBN 978-1-84353-105-0. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Miles, Barry (September 2005). Zappa. Grove Press. s. 250. ISBN 978-0-8021-4215-3. 
  3. 3,0 3,1 Slaven, Neil (17. november 2009). Electric Don Quixote: The Definitive Story Of Frank Zappa. Omnibus Press. s. 321. ISBN 978-0-85712-043-4. 
  4. 4,0 4,1 Raggett, N. (2011). «Shiny Beast (Bat Chain Puller) - Captain Beefheart & the Magic Band». AllMusic.com. Henta 26. april 2020. 
  5. 5,0 5,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: C». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 26. april 2020 – via robertchristgau.com. 
  6. 6,0 6,1 Green, Jim. «TrouserPress.com :: Captain Beefheart and the Magic Band». Trouser Press. Henta 26. april 2020. 
  7. Weisbard, Eric; Marks, Craig, red. (1995). Spin Alternative Record Guide. New York: Vintage Books. ISBN 0-679-75574-8.