Shipping Controller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

British Shipping Controller eller berre Shipping Controller var eit embete under koalisjonsregjeringa til Lloyd George i 1916 for å regulere og organisere handelsfartøy. Føremålet var å kunne forsyne Storbritannia med materiale under første verdskrigen etter at den britiske handelsflåten hadde lidd store tap.[1][2]

Folk i embetet[endre | endre wikiteksten]

Den første i stillinga som Shipping Controller var sir Joseph Maclay,[1] seinare Baron Maclay som vart utpeikt 10. desember 1916.[2]

Den andre i stillinga var lord Pirrie frå 1918.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Samuel J. Hurwitz (2013). State Intervention in Great Britain. Routledge. 
  2. 2,0 2,1 «British Shipping Controller - Count Dohna and His SeaGull». Smsmoewe.com. Henta 22. mars 2014.