Shirase Coast

Koordinatar: 78°30′S 156°0′W / 78.500°S 156.000°W / -78.500; -156.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shirase Coast
Land  Antarktis
Kart
Shirase Coast
78°30′S 156°00′W / 78.5°S 156°W / -78.5; -156
Shirase Coast is located in Antarktis
Shirase Coast (Antarktis)

Shirase Coast (78°30′S 156°0′W / 78.500°S 156.000°W / -78.500; -156.000) er den nordlege delen av den heller dårleg definerte kystlinja langs austsida av Ross isbrem og Rosshavet, og ligg mellom nordenden av Siple Coast (kring 83°30′S 155°00′W / 83.500°S 155.000°W / -83.500; -155.000) og Cape Colbeck. Han vart namngjeven av NZ-APC i 1961 etter løytnant Nobu Shirase (1861-1946), leiaren for den japanske ekspedisjonen som segla skipet «Kainan Maru» nær denne kysten i januar 1912. Dei gjekk i land ved Kainan Bay og ved Bay of Whales, som var starten på ei 250 km lang reise søraust på Ross-isen. Frå 76°56′S 155°55′W / 76.933°S 155.917°W / -76.933; -155.917 (utanfor Edward VII Peninsula), gjekk eit anna lag i land for ein sledetur til foten av Queen Alexandra Range.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Shirase Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).