Shirehest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shirehest

Shirehest eller berre shire er ein stor arbeidshest frå Dei britiske øyane. Han vert rekna for å vere den største av alle hesterasane. Vaksne hestar veg over 1000 kg.

Måleri av shirehoppa Dunsmore Gloaming (fødd 1890).

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Shirehesten er ein stor, tung og muskuløs hesterase. Ein utvaksen hingst skal vere minst 173 cm og ei utvaksen hoppe skal vere minst 163 cm i mankehøgd. Nokre individ er over 180 cm i mankehøgd. Hovudet er langt med lett konveks form. Fargen er brun, svart eller skimla, medan kvite teikningar som bles eller sokkar er vanleg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det heiter seg at shirehesten nedstammar frå The Great Horse som var i bruk som stridshest på Dei britiske øyane. Små, innfødde hestar skal ha vorte kryssa med større hestar frå kontinentet for å avle fram ein tyngre riddarhest. Seinare vart shirehesten mykje brukt som trekkdyr på grunn av styrken og det rolege lynnet. Namnet shirehest har vore i bruk sidan 1800-talet.

Pløyande shirehest.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

På 1960-talet var talet på shirehestar gått ned frå fleire millionar til nokre få tusen, og eit storstilt redningsarbeid var sett i gang. I dag finst shirehesten over store delar av verda, også i Noreg. Både Noreg, Sverige og Danmark har eigne shirehestforeiningar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

På Dei britiske øyane er shirehesten mellom anna i bruk i landbruket i liten skala, og han vert brukt i trekkdemonstrasjonar og pløyekonkurransar. Medan han tidlegare var mykje brukt som bryggjerihest, nyttar i dag berre ei handfull bryggjeri shirehestar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«shirehest» i Store norske leksikon, snl.no.