Shkodërsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shkodërsjøen
innsjø
none
Land Flag of Albania.svg Albania, Flag of Montenegro.svg Montenegro
Tilsig Morača
Utløp Bojana
Høgd over havet 6 moh
Lengd 48 km
Breidd 14 km
Areal 370–530 km²
Byar Shkodër
Wikimedia Commons: Lake Scutari

Shkodërsjøen (albansk Liqeni i Shkodrës, serbisk Скадарско језеро, skadarsko jezero) er ein innsjø på grensa mellom Montenegro og Albania, og den største innsjøen på Balkan. Innsjøen er kalla opp etter byen Shkodër (Skadar, Scutari, İşkodra) nord i Albania.

Utsig ved Shkodër

Overflata ligg seks meter over havnivå, og kan variere mellom 370 og 530 kvadratkilometer. Innsjøen får det meste av vatnet frå elva Morača og renn ut i Adriahavet via den 41 km lange elva Buna (Bojana på serbisk), som dannar grensa mellom Albania og Montenegro den siste halvdelen før ho når havet.

Den montenegrinske delen av innsjøen og området rundt vart utnemnd til nasjonalpark i 1983. Dette er ein av dei største fuglereservoara i Europa med 270 fugleartar, mellom anna nokre av dei siste pelikanane i Europa. Innsjøen inneheld òg mykje måse og hegre, i tillegg til store mengder fisk, som karpe, laue og ål.

I 1996 vart området ein del av Ramasarkonvensjonen si liste over våtmarksområde av internasjonal tyding.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]