Shoppin' for Clothes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shoppin' for Clothes
Singel av The Coasters
B-side

«The Snake and the Book Worm»

Utgjeve September 1960
Innspelt 29. juli 1960
Atlantic Studios, New York City
Sjanger Pop
Lengd 2:57
Selskap Atco
Låtskrivar(ar) Elmo Glick
Kent Harris (credited on later issues)
Produsent Jerry Leiber og Mike Stoller
The Coasters-kronologi 
«Wake Me, Shake Me»
(1960)
Shoppin' for Clothes «Wait a Minute»
(1961)


«Shoppin' for Clothes» er ein R&B-song i talking blues-stil, spelt inn av den amerikanske vokalgruppa The Coasters i 1960. Songen vart opphavleg tilskriven Elmo Glick, som er eit pseudonym som Jerry Leiber og Mike Stoller brukte. Dei produserte òg songen, som var delvis basert på songen «Clothes Line (Wrap It Up)» frå 1956, skriven av Kent Harris og spelt inn av han som Boogaloo and his Gallant Crew. Harris fekk seinare status som medlåtskrivar på «Shoppin' for Clothes.»

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Jerry Leiber fekk ideen til innspelinga då Billy Guy frå The Coasters fortalte han om ein song han hadde høyrt på radio, om ein mann om shoppa etter klede. Guuy hadde husga noko av teksten, men ikkje verken songtittelen eller kven om spelte han. Leiber klarte ikkje å finne den originale innspelinga, og skreiv ein ny tekst kring same tema, og nytta tekstlinjene so Guy hadde hugsa.[1][2]

Stoller skreiv og arrangerte musikken, som var i eit meir langsamt tempo enn den tidlegare songen til Harriss. Gruppa spelte inn songen den 29. juli 1960 i Atlantic Studios i New York City.[3] Guy tok rolla som kjøparen og bassongaren Will «Dub» Jones var seljaren. Andre musikarane var gruppemedlemmane Carl Gardner og Cornell Gunter med Stoller (piano), King Curtis (tenorsaksofon), Sonny Forriest og Phil Spector (gitar), Wendell Marshall (bass) og Gary Chester (trommer).[3]

Utgjeving og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeven ut på Atco Records i september 1960, men nådde ikkje høgare enn 83. plassen på Billboard Hot 100.[4] Some eksemplar av singelen vart kalla «Clothes Line», og var tilskriven Harris.[5] Etter forlaget til Harris, American Music, truga med søksmål om brot på opphavsretten, fekk Harris tildelt status som låtskrivar på songen i lag med Leiber og Stoller.[2]

Andre artistar som seinare spelte inn songen var Steve Gibbons Band, The Flying Pickets og Darts.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]