Tekstmeldingsteneste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Short Message Service)
Mottak av tekstmelding på ein mobiltelefon.
E.161, den vanlegaste tasteplasseringa på eit mobiltelefontastatur (Latinsk alfabet).

Tekstmeldingsteneste er ei teneste som gjer det mogleg å senda korte meldingar mellom særleg mobiltelefonar. På engelsk språk er nemninga Short Message Service. Av den engelske nemninga kjem forkortinga SMS. Nemninga SMS vert nytta i norsk språkbruk i tillegg til nemninga tekstmelding.

SMS vart i utgangspunktet utvikla som ein del av GSM-nettverk. Medan GSM er eit digitalt system kan analoge system, til dømes Nordisk Mobiltelefon (NMT), ikkje senda slike meldingar. GSM er ein av fleire tekniske standardar for mobiltelefon- nettverk. Nyare 3G-nettverk kan òg senda tekstmeldingar, i tillegg til fleire andre meldingstypar.

Den fyrste tekstmeldinga er rekna å vera ei melding som vart sendt i desember 1992 frå ein personleg datamaskin (PC) til ein mobiltelefon gjennom Vodafone sitt GSM-nettverk i Storbritannia.

Tekniske detaljar[endre | endre wikiteksten]

Ei enkelt melding kan på det største vera 140 bytes stor. Det vil seia anten 160 7-bits teikn eller 140 8-bits teikn. Det kan òg vera 70 2-byte teikn for språk som kinesisk, koreansk eller japansk, der teksten er i eit 2-bytes UTF-16 teiknsett (sjå Unicode). Dette inkluderer ikkje teknisk informasjon om kvar meldinga skal sendast og annan metainformasjon.

De fleste nyare mobiltelefonar tillét at lengre meldingar kan sendast ved at mobiltelefonen deler opp meldinga og sender kvar del for seg. Mottakaren sin mobiltelefon set så saman denne meldinga igjen, slik at det verkar som om det berre er ei større melding som er vorte sendt. Ein betalar for kvar enkelt melding den lengre meldinga vert delt opp i.

Popularitet[endre | endre wikiteksten]

Sending av tekstmeldingar har vorte svært populært, og spesielt i Europa, Asia og Australia. I 2004 vart det verda over sendt 500 milliardar meldingar. Om ei melding i snitt kostar 80 øre å senda, tilsvarar dette ein omsetnad på heile 400 milliardar norske kroner, eller over 80 sendte meldingar pr. menneske på Jorda. Til samanlikning vart det i 2001 sendt «berre» 250 milliardar meldingar, mot 17 milliardar i 2000.

Noreg var i 2005 den nasjonen i verda der det vart sendt mest SMS-meldingar per person.

SMS-språk[endre | endre wikiteksten]

SMS var lenge spesielt populært i ungdomsmiljø, og etter kvart utvikla det seg eit eige SMS-språk eller eit kodesystem for tekstmeldingar. Sidan ei melding ofte skal vera kort, vert mange ord forkorta. Eit døme kan vera at «du» vert korta ned til «u». Enkelte er redde for at dei unge legg seg til ei slik staving i all slag skrift, og at dei ikkje vil klara å halda seg til norsk rettskriving.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]