Shorthandel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Shorthandel eller shorting er det å selje eit verdipapir (for eksempel ein aksje) før ein kjøper det. På den måten er det mogleg å tene pengar på kursnedgang. Dette er ein strategi som mellom andre hedgefond nyttar seg av.

For at det skal vera mogleg å selje eit verdipapir ein ikkje har, må ein leige det frå nokon som tenkjer å sitje langsiktig med det. Ein betaler utleigaren ein sum for dette. Etter at verdipapiret er kjøpt tilbake, helst til ein lågare kurs, kan leigeforholdet opphøyre, og ein kan innkassere ein eventuell gevinst.

Shorting er risikofylt. Vinnarpotensialet er avgrensa sidan kursen ikkje kan gå lenger ned enn til null, mens tapspotensialet er uavgrensa sidan det i teorien ikkje er noka øvre grense for kursen på verdipapiret.

Ein person som har selt eit verdipapir han ikkje eig og ventar på å kjøpe det tilbake, seier ein at «sit short».

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.