Shoubak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shoubak
مدينة الشوبك
by
Shoubak2.jpg
Land Flag of Jordan.svg Jordan
Guvernement Ma'an guvernement
Høgd 1 330 moh.
Koordinatar 30°31′53″N 35°33′39″E
Areal 15 km²
Folketal 12 500 (2004) [1][2]
Folketettleik 833 / km²
kommune sidan 2001
Tidssone GMT +2
Retningsnummer +(962)3
Kart
Shoubak
30°31′53″ N 35°33′39″ E
Jordan location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Shoubak
Nettstad: http://shoubak.gov.jo

Shoubak (arabisk الشوبك) er ein by som ligg nordvest i Ma'an guvernement i Jordan. Han har eit folketal på 12 500 og er ein av dei høgastliggande busetnadane i Jordan, 1330 meter over havet. Kommunen er kjend for dyrking av eple og anna frukt. Krossfararborga Montreal ligg i Shoubak.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Shoubak vart først busett av edomittar som hadde hovudstaden sin i Busaira i Tafilah guvernement. Han vart så busett av nabatearane.

Shoubak er kjend for krossfararborga Montreal. I lag med Petra og Akaba, dannar Shoubak ein del av trekanten som ligg langs krossvegane mellom Syria, Saudi-Arabia og Egypt.

Shoubak nådde toppen av glanstida si etter Baldwin I av Jerusalem tok kontroll over staden, og kutta røtene mellom Egypt og Syria. Montrealborga vart bygd på toppen av ein ås der i 1115. Shoubak vart så annektert av Ajjubide-dynastiet av Saladin i 1187.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Shoubak er kjend for kalde vintrar.

Shoubak ligg i området nær Tafilah guvernement i nord og Akaba guvernement i vest. På grunn av høgda er Shoubak kjend for dei kalde vintrane. Byen ligg òg nær Den arabiske ørkenen og har derfor varme, tørre somrar. Årsmiddelnedbøren i Shoubak er kring 150-350 mm.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk er hovudnæringa i Shoubak, etterfølgd av turisme. Høgda gjer Shoubak høvande for å dyrke oliven, grønsaker og frukt, hovudsakleg eple. Byen er òg ein stor produsent av honning.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]