Shout av Isley Brothers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shout
Singel av The Isley Brothers
frå albumet Shout!
A-side Shout - part 1
B-side Shout - part 2
Utgjeve 21. september 1959
Innspelt 5. august 5 1959, RCA Victor's Music Center Of The World, New York
Sjanger
Lengd 2:15 (part 1)
2:10 (part 2)
Selskap RCA
7588
Låtskrivar(ar) Rudolph Isley
Ronald Isley
O'Kelly Isley, Jr.
Produsent Hugo & Luigi
The Isley Brothers-kronologi
«I'm Gonna Knock on Your Door»
(1959)
Shout «Respectable»
(1960)


«Shout» er ein popsong først spelt inn av The Isley Brothers. Han kom ut i 1959 og var skriven av brørne sjølv, som eit svar til Jackie Wilson sin «Lonely Teardrops».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen nådde ikkje høgare enn 47. plassen på Billboard Hot 100, men selde til gullplate og vart mykje spelt av andre artistar både i USA og internasjonalt. Berre ein månad etter han kom ut, spelte Johnny O'Keefe songen på det australske TV-showet Six O'Clock Rock og han nådde tredjeplassen i Australia. Han spelte inn songen på ny i 1964, men han vart då berre ein mindre hit.[3] Joey Dee and the Starlighters nådde sjetteplassen med sin versjon av songen i 1962, medan Isley Brothers-versjonen gjekk inn att på lista same året med ein 94. plass.

Den skotske popsongaren Lulu nådde sjuandeplassen i Storbritannia med songen i 1964 (som Lulu and the Luvvers),[4][5] og ein åttandeplass med ein nyinnspelt versjon i 1986.[5] The Shangri-Las spelte ein versjon av songen på debutalbumet deira, Leader of the Pack[6] og det same gjorde The Kingsmen i 1965 på albumet Volume 3 og 15 Great Hits i 1966. Tommy James and the Shondells spelte ein versjon av songen i 1967 på albuemt I Think We're Alone Now.[7]

Songen vart spelt av Otis Day and the Knights og vart mykje nytta i komedien National Lampoon's Animal House i 1978. Originalversjonen frå 1959 vart nytta i komedien Diner frå 1982. Alvin and the Chipmunks spelte songen i 1996 på albumet Club Chipmunk: The Dance Mixes med Simon på solovokal. The Beatles spelte songen på kosnertar og eit konsertopptak var med på Anthology 1 frå 1996. Den amerikanske rockegruppa Bon Jovi spelte songen på konsertar. Det amerikanske poppunkbandet Green Day spelte songen i 2005 på konsertalbumet Bullet in a Bible.[8] Bruce Springsteen har ofte spelt songen live i ein medley med «Twist and Shout». Blaine Anderson (Darren Criss) og Brittany Pierce (Heather Morris) framførte songen i 2013 på Glee. Robbie Williams framførte songen som ein del av «Call & Response Medley» på hans Swings Both Ways-turneen i 2014, i lag med «Reet Petite» og «Hit the Road Jack».

Songen vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1999. Han vart rangert på 118. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.vocalgroup.org/inductees/the_isley_brothers.html
  2. http://www.songfacts.com/detail.php?id=786
  3. «Johnny O'Keefe with the Rajahs - Shout (Parts 1 & 2)». Where Did They Get That Song?. PopArchives.com.au. Henta 13. mars 2015. 
  4. «Lulu and the Luvers: Shout». 45cat.com. Henta 13. mars 2015. 
  5. 5,0 5,1 «UK Top 40 Hit Database». EveryHit.com. Henta 13. mars 2015.  Enter Lulu for Artist and Shout for Title and click Search.
  6. «The Shangri-Las Album». TheShangri-Las.com. Leader of the Pack. Henta 13. mars 2015. 
  7. Tommy James and the Shondells, I Think We're Alone Now Henta 13. mars 2015.
  8. «Green Day - Bullet In A Bible Album Tracklist». Sing365.com. 15. november 2005. Henta 6. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]