Hopp til innhald

Shrivenham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shrivenham
landsby
St Andrew's soknekyrkje.
Land  England
Region Oxfordshire
Distrikt Vale of White Horse
Folketal 3 060 (2021)[1]
Postnummer SN6
Retningsnummer 01793
Kart
Shrivenham
51°35′53″N 1°39′32″W / 51.598°N 1.659°W / 51.598; -1.659
Wikimedia Commons: Shrivenham

Shrivenham er ein stor landsby i grevskapet Oxfordshire i England. Landsbyen ligg like ved grensa til Wiltshire, og låg fram til endringane av grevskapsgrensne i 1974 i Berkshire. Landsbyen ligg i den sørvestre delen av Oxfordshire som kallast Vale of White Horse, ved landevegen A420 mellom Swindon (12 km unna) og Faringdon. Vidare mot nordaust ligg Oxford (24 km unna). Shrivenham har 2352 innbyggjarar (2001) og består hovudsakleg av typisk engelsk landsbybygg.

Det britiske forsvaret

[endre | endre wikiteksten]

Mellom Shrivenham og nabolandsbyen i nord, Watchfield, ligg den store militærbasen som huser det britiske Forsvarsakademiet (Defence Academy of the United Kingdom). Den militære aktiviteten starta med eit amerikansk militæruniversitet under andre verdskrigen, medan det britiske forsvaret overtok staden i 1946. Dei største avdelingane i forsvarsakademiet er den felles stabsskulen (Joint Services Command and Staff College, JSCSC) og Defence College of Management and Technolog (DCMT). Sistnemnte har røter tilbake til 1772 og vert sidan 1984 drive i samarbeid med Cranfield University.

Beckett gods

[endre | endre wikiteksten]

Shriveham har tradisjonelt husa Beckett gods, som var sete for Barrington-familien. Hovudbygningen ved godset, Beckett Hall, er no sete for leiarutdanning ved Forsvarsakademiet.

  1. «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Shrivenham