Shulamith Firestone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shulamith Firestone
FøddShulamith Bath Shmuel Ben Ari Feuerstein
7. januar 1945
Ottawa
Død28. august 2012
New York
NasjonalitetCanada
Områdekvinnerørsla, feminisme, litterær aktivitet
Yrkeskribent, kvinnesaksforkjemper, filosof
Alma materWashington University in St. Louis
School of the Art Institute of Chicago
Telshe yeshiva

Shulamith Firestone (7. januar 194528. august 2012) var ein kanadisk-amerikansk feministisk teoretikar og forfattar.[1]

Ho var kjend som ei av opphavskvinnene til den såkalla andre bølgja av amerikansk feminisme (kalla radikalfeminisme) og ein av dei mest framtredande figurane i henne på 1970-talet. Livet hennar blei filmatisert i kortfilmen Shulie frå 1997 av regissøren Elisabeth Subrin.

Shulamith Firestone freista å sameina marxistiske teoriar om klassekamp med oppfattinga om at den mest grunnleggjande oppdelinga av menneske var skiljet mellom kjønn, i staden for dei økonomiske relasjonane som Karl Marx hadde peikt på. Ho rekonstruerte Marx sine teoriar om historia til menneske ut frå dette synet. Til skilnad frå dei fleste andre feministar såg ikkje Firestone på kultur og politikk som skapt av patriarkatet, men at utforming deira var eit resultat av patriarkatet. Ho rekna årsaka til at den russiske revolusjonen og andre sosialistiske revolusjonar enda i fiasko var at ein ikkje har lukkast i å sameina dei tre plana sosialistisk revolusjon, feministisk revolusjon og kulturrevolusjon til ei einaste revolusjonær kraft – og dermed ikkje kunna oppnå eit tilstrekkeleg stort revolusjonært potensial til å kunna realisera sosialismen uten at rørsla gjekk tilbake og blei byråkratisert.

Shulamith Firestone meinte at kvinner og menn tilhøyrer ulike klassar. Ho meinte at barndommen var eit uttrykk for det klasseskiljet som gutar gjekk gjennom frå dei som barn hadde tilhøyrt klassen til kvinna til dei som vaksne tilhøyrde klassen til mannen. Ho meinte likevel ikkje at kjønnsklassane måtte forvekslast med dei økonomiske klassene, ei forveksling som lett kan oppstå om ein nyttar lausrivne sitat av henne.

1969 danna Firestone og Ellen Willis rørsla Redstockings of the Women's Liberation Movement, dei såkalla raudstrømpane.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1970: The Dialectic of Sex
  • 1998: Airless Spaces

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Villager, arkivert frå originalen 3. april 2020, henta 27. januar 2020