Shuva
Shuva | |||
שׁוּבָה | |||
moshav | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Nordvest-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Sdot Negev | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1950 | ||
- Grunnlagd av | libyske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Hapoel HaMizrachi | ||
![]() Shuva | |||
Shuva (hebraisk skrift שׁוּבָה) er ein religiøs moshav sør i Israel. Han ligg nær Netivot og dekkjer 4 500 mål og høyrer til Sdot Negev regionale kommune. I 2006 hadde han 393 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av immigrantar frå Tripoli i Libya. Seinare slutta immigrantar frå Algerie og Tunisia seg til. Dette skapte spaningar mellom innbyggjarane og i 1957 delte moshaven seg i to. Dei tunisiske innbyggjarane flytta og danna Zimrat.
Namnet er henta frå Salmane 126:4;
Herre, vend vår lagnad som bekkene i Negev!.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Shuva Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. Negev informmasjonssenter