Shy Limbs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Shy Limbs
OpphavBournemouth i England
Aktiv1968-1969
SjangerPsykedelisk rock
Tilknytte artistarKing Crimson
PlateselskapCBS
Tidlegare medlemmer
  • Greg Lake
  • John Dickenson
  • Malcolm Brasher
  • Andrew McCulloch

The Shy Limbs var eit engelsk psykedelisk rockeband frå Bournemouth i slutten av 1960-åra. Det var bandet Greg Lake spelte i før han vart med i den første utgåva av King Crimson.

Lake skipa bandet i september 1968 og spelte sjølv gitar og song. Med seg i bandet hadde han John Dickenson på klaverinstrument og vokal, Malcolm Brasher på bass og vokal og Andrew McCulloch på trommer. Lake og Dickenson hadde tidlegare spelt i lag i bandet The Shame.[1]

The Shy Limbs gav berre ut to singlar før dei gav seg. Desse var «Reputation» med B-sida «Love». På sistnemnde så var Robert Fripp gjesteartist på sologitar.[1] Den andre singelen var «Lady in Black» med B-sida «Trick or Two». The Shy Limbs var utan tvil inspirert av Procol Harum og songen «A Whiter Shade of Pale» då dei spelte in «Reputation», som er ein psykedelisk rockesong driven av eit orgel som kan minne om den meir kjende songen til Procol Harum.[2]

Etter berre fem månader i lag, slutta Lake i bandet i januar 1969 for å bli med i det nye bandet til Robert Fripp, King Crimson.[1]

Dei tre andre fortsette då som trio, før dei henta inn Allan Bowery (òg kjend som Alan Barry) som erstatta for Lake, men bandet varte ikkje lenge og dei gav seg i løpet av 1969.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Shy Limbs-diskografi på Discogs
  2. Dave Furgess (28. mars 2007). «The Shy Limbs - Reputation/Love». Julian Cope presents Head Heritage. Henta 4. august 2019.